Det er på tide å gje seg

Kassaapparatet er utgått på dato, og mannen sjølv er heller ikkje heilt i toppform lenger. Denne veka stengjer Antonsens Jernvare AS dørene.

EIN HANDEL OG EIN PRAT: – Kjekt å treffe kundar og prate litt, tykkjer Roald Antonsen, som no gir seg med butikkdrift på Nordfjordeid. Kunde Inge Grinde er ein av dei mange som set pris på både mannen bak disken og vareutvalet i butikken.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

– Det skal bli godt, seier innehavar Roald Antonsen (73) som har drive for seg sjølv i 29 år, dei 27 siste åra i lokala ved Sjøgata vis-a-vis Moengården.

Det gamle kassaapparatet er ikkje lenger lovleg å bruke frå nyttår og sjølv kjenner han på at det er på tide å gje seg. Dei siste dagane har det vore posesal for å få alle varene vekk, og kunde Inge Grinde er ein av dei som har teke turen innom for å sikre seg pianohengsel og lim. Heretter må han handle slike ting på Biltema.