Dei fleste får førstevalet på vidaregåande

3.498 søkjarar til vidaregåande opplæring får no tilbod om skuleplass på det programområde dei hadde som førsteval. Dette er 88 prosent av alle søkjarane med ungdomsrett.

  Foto: Illustrasjonsfoto

Nyhende

– Også i år kan vi tilby fleirtalet av dei unge det opplæringstilbodet dei har som førsteprioritet. Det er svært gledeleg, seier Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Til saman har 4339 søkt om skuleplass i Sogn og Fjordane til skuleåret 2018-2019. Av desse har 4038 ungdomsrett.

41 søkjarar får i år tilbod om vidaregåande opplæring i andre fylke. Det gjeld søkjarar som har rett til opplæring i nabofylke gjennom Hordalandsavtalen, og søkjarar til tilbod som vi ikkje tilbyr i vårt fylke.

300 ledige plassar

Etter første inntaket er det om lag 160 søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass. Søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass vil få tilbod i andre inntaket eller etter at skulane tek over inntaket frå 13.august. Det er om lag 300 ledige skuleplassar i fylket.

Alle søkjarar utan ungdomsrett står på venteliste og kan bli tekne inn til ledige plassar etter at skulane har teke over inntaket frå 13. august.

Sjå tabell for den enkelte skule

Vidare tidsplan

•         3. juli, melding blir sendt til alle søkjarane – første inntak

•         12. juli, svarfrist første inntak

•         27. juli, melding om andre inntak

•         3. august, svarfrist andre inntak

•         13. august, skulane tek over inntaket

•         20. august, skulestart