Brua over Voldsfjorden vil ha ei lengde på om lag 2000 meter. Voldsfjordkryssng AS innser at hengebru med eit slikt spenn ikkje er økonomisk gjennomførbart. Derimot meiner dei at flytebru er mogleg å få realisert ved å bruke dagens teknologi på ein smart måte, finansiert med ferjeavløysingsmidlar og brubillett.
Dagleg leiar i Voldsfjordkryssing AS, Odd A. Folkestad forklarer at den løysinga som dei no presenterer gir særs store investeringsinnsparingar, i høve til den løysingsteknologien som tidlegare var tenkt nytta, og han ser føre seg at dette som eit pilotprosjekt som vil kunne få stor betydning for andre planlagde fjordkryssingar.
Har jobba 30 år for ferjefri kryssing
Sideforankra bru
Folkestad forklarer at det konseptet dei no presenterer er ei sideforankra bru, noko som gjer at ein kan spare omtrent 40 % av stålet. Han ser føre seg at kostnadene kan bli bortimot halverte, samanlikna med tidlegare berekningar. Eit grovt prisanslag er at ei slik bru over Voldsfjorden vil koste om lag ein milliard kroner.
Det vil vere valfritt om ein vil ha ei løysing med skipssluse, der alle større båtar kan passere, eller om ein til dømes i eine enden av brua vil lyfte den opp i terrenget, slik ein der får ei fast seglingshøgde for større skip.
Serieproduksjon
Brua er utvikla for serieproduksjon. Ein ser føre seg at dei som skal ha seg ei bru kan tinge eit visst tal meter. Dei flytande pongtongane og bruelementa kan prefabrikkerast, til dømes på lokale verft. Verftet kan så slepe elementa til fjorden/staden der brua skal liggje, deretter kople brua saman og forankre den. For Voldsfjord brua ser ein føre seg å bruke element som er 90 meter lange og at brua flyt på 16 pongtongar.
Pilotprosjekt
Dagleg leiar i Voldsfjordkryssing AS, Odd A. Folkestad, meiner at dei har eit ideelt pilotprosjekt for ferjeavløysing. Røynslene frå bygging av Voldsjordbrua, vil kunne verte at andre brusprosjekt seinare nyttar den same brustandarden, med lokale tilpassingar og at ein såleis har fått laga ein mal for norsk fjordbru.
Voldsfjorden er ikkje av dei mest vêrutsette fjordkryssingane, og Folkestad påpeikar at dette konseptet ikkje er ei løysing som er tenkt nytta på dei mest vêrutsette strekningane.
I tillegg til Voldsfjordbru, ser ein også føre seg kryssing av Dalsfjorden, med brulengde på 1200 meter. Her er det tenkt bru som går mellom Nautvikneset og Skubbeneset.
Torsdag var det generalforsamling i Voldsfjordkryssing AS i kulturhuset på Folkestad, der det nye brukonseptet vart presentert.
– Kvalitetssikring er neste steg
Dagleg leiar i Voldsfjordkryssing AS, Odd A. Folkestad opplyser til Fjordabladet at neste steg no er kvalitetssikring av det dei har lagt fram om Voldsfjordbrua.
SINTEF Ocean og to industripartnarar blir med saman med Voldsfjordkryssing som har ei administrativ rolle i prosjektet. Når kvalitetssikringa er gjennomført, er neste steg eit innovasjonsprosjekt som skal gjere det produksjonstilpassa.
– Når reknar du med å kunne gå tørrskodd over Voldsfjorden?
– Vi greier å presentere ei bru slik at den er oppstartsbar om kanskje fire år. Heile brua kan byggast på under eitt år.
– I 2025 bør det kunne rase bilar over, seier ein optimistisk dagleg leiar Odd A. Folkestad.
Planen er at brua skal erstatte ferjestrekninga Volda-Folkestad.