Sprang raskast opp til Trollenykjen

Nykomar Lars Åkernes Rimereit (23) frå Eidsdal IL hadde beste tida under Trollenykjen opp i dag. I kvinneklassa var det Karoline Holsen Kyte (25) frå Førde IL som vann.

Lars Åkernes Rimereit er frå Ålesund og bur i Eidsdal. I dag hadde han beste tida opp til Trollenykjen. – Det kunne gjerne ha vore endå brattare, seier sunnmøringen.   Foto: Inger Træen

Nyhende

Lars Åkernes Rimereit sprang opp på tida 00:36:47. Det er eitt minutt og 37 sekund bak rekorden til Joel Dyrhovden på 00:35:10.

Karoline Holsen Kyte hadde tida 00:39:36. Det er 52 sekund bak rekorden i kvinneklassa som ho sjølv sette i fjor, på 00:38:44.