Sommarprat med Knut Tore Nes Hjelle

Denne gongen er det bonde og rømmekolleelskar Knut Tore Nes Hjelle som er gjest i sommarpraten.
Nyhende

Namn: Knut Tore Nes Hjelle

Alder: 45 år

Bustad: Nordfjordvegen 4197, Hjelle

Familie: Gift, fire barn

Husdyr: Ein heil del

Yrke: Bonde

Bil: Volvo V 70 og Citroën Space Tourer


Kva planar har du i sommar?

– Den 14. juli blir det setreslått på Hjellesetra. Det er ei årleg sak der alle dei 19 oppsitjarane går saman på dugnad og slår setervollen. Graset blir tørka eller dumpa, alt ettersom. Dette gjer vi for å ta vare på det rikhaldige natur- og kulturmangfaldet på den gamle setervollen, som før var slåttemark, og som no blir sporadisk beita. På sikt håpar vi å få tilbake det opprinnelege artsmangfaldet. Den påfølgjande veka startar scenebygging på Malakoff. Det er det Eid bondelag som står for, og det tar heile veka. Veka etter Malakoff skal eg vere med eldstemann på 14 år til Norway Cup. Elles håpar eg på flotte teltturar på Hjellefjellet med familien. Det er noko som er viktig for oss.

Kva er ditt beste sommarminne?

– Å sitje på Hjellesetra og ete skikkeleg rømmekolle av mjølk frå kyr som har beita på fjellet, med eit bad i Løkjen som avslutting.

Favorittmat om sommaren, og kven lagar den?

– Rømmekolle! I og med at det ikkje er budeier på Hjellesetra lenger, er det eg som lagar den beste. Under Malakoff er det fast å ha rømmekolle-nachspiel på Setreneset. Det har trekt fleire rockestjerner, men eg vil ikkje nemne namn.

Har du nokre hobbyar?

– Eg er fotballtrenar. I år for Heia gutar 12 år. Elles likar eg å gå på ski. Det aller meste dreier seg eigentleg om å følgje opp ungane sine aktivitetar. Å ta ein topptur i urørt puddersnø ein flott vinterdag er fantastisk, men det har eg altfor lite tid til no. Men slik påska var i år, den flottaste i manns minne, vart det nokre minneverdige turar.

Kva er du flink til, og kva er du dårleg til?

– Ifølgje kona er eg flink til å rote og dårleg til å rydde.

Beskriv deg sjølv med tre ord.

– Sta, målbevisst og kravstor.

Noko du engasjerer deg for?

– Frivillig arbeid og dugnad.

Kven eller kva ville du tatt med deg til ei aude øy?

– For ein del år sidan stilte eg opp på ein sommarprat i Fjordabladet, og eg kan ikkje gjere same tabbe som den gongen. Då sa eg Evy Hopland, berre for å vere morosam. Det vart dårleg mottatt i heimen. Så no får eg fleske til og seie svigermor.

Kva ville du gjort om du vart lottomillionær?

– Eg ville tatt med heile familien på ein skikkeleg amerikatur. Der har vi masse slekt. Her var ein liten delegasjon på besøk for nokre år sidan.

Kven vil du gje ein blome til?

– Det må bli til Hilde, kona mi, sånn at eg kjem betre ut av dette enn sist.

Kva synest du om at Eid og Selje skal bli Stad kommune?

– Når det vart som det vart trur eg det skal bli bra, men eg skulle aller helst sett heile Nordfjord samla. Det er tragisk at Nordfjord no smuldrar i begge endar, til Sunnfjord og Sunnmøre.

Kva meiner du om at Eid skal bli cruisedestinasjon?

– Det er noko vi berre må dra alt det positive vi kan ut av. Vi må ta moglegheitene for alt dei er verdt.

Kva er den beste sommarlåten i 2018?

– Sola Skin med Vilde og Anna.

Korleis ser du føre deg framtida?

– Eg ser positivt på framtida. Ikkje minst fordi eg har verdas viktigaste jobb, å produsere mat for ei stadig veksande befolkning. Av fleire grunnar er det utruleg viktig å ha eit desentralisert landbruk. I år har vi til dømes sett tørke i eitt område, medan det er gode avlingar i andre område. Det er éin av grunnane til at det er viktig å ha landbruk over heile landet, sjølv om all produksjon i Norge kunne vore lagt til Austlandet. Elles er vi jo enormt avhengige av import, med ei sjølvforsyningsgrad under 40 prosent. Ei krise internasjonalt vil derfor setje oss i ein alvorleg situasjon. Her har både forbrukarar og politikarar eit ansvar når det gjeld kva for varer ein vel å legge i handlekorga, og korleis ein prioriterer på statsbudsjettet.

Kvar kunne du tenkt deg å bu?

– Viss eg ikkje skulle bu på Hjelle, kunne eg ha tenkt meg å kjøpe ei fin tomt i Hogaåsen.