Sel fire pallar rockestæsj

No er rockestæsjet på plass for Malakoff rockfestival.

Malakoff Rockfestival er den festivalen som sel mest rockestæsj. I år har fire pallar med varer blitt plassert i hyllene, og ansvarleg Gunn Guddal reknar med at det også i år vert utseld.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

I samarbeid med Bergart har Malakoff fått laga opp sine eigne Malakoppar.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Rockefestivalen er den festivalen som sel mest rockestæsj av alle festivalar i landet.

– Det går unna. I år satsar vi endå større, og har fått på plass heile fire pallar med effektar, smiler Gunn Guddal. Ho har vore rockestæsj-ansvarleg sidan 2006. Butikken i Gamlebanken opnar for fullt under Sommarshopping i helga.

Enorme mengder

Vi møter henne medan ho er i ferd på å rydde alt på plass i hyllene. Fire pallar er enorme mengder rockestæsj. No bognar det av hettejakker, tskjorter og anna i mange variantar.

– I fjor vart vi heilt utselde. Det forsvinn det vi bestiller, og vi satsar stort igjen i år. Men etter 16 år kan vi i år seie at det er det beste rockestæsjet vi nokon gong har hatt, flirer ho, som synest det er spennande å pakke ut og sjå alt det nye.

Fornya

– Vi har fornya oss. Standardfargane svart og kvitt er på plass, men i år kan du også finne rosa t-skjorte. Årets frivillig-tskjorte er grøn og har også fått med seg eit Eidahjarte. Designen er også ny på mykje. I år har vi også via Vestitur fått bestilt sydvestar. Sjølv om vi ikkje ventar regn under festivalen, kan det vere kjekt å ha. Og i samarbeid med BergArt har vi fått laga Malakoppar. fortel ho. Nytt av året er også gjenbruksnett.

– Vi ber gjerne litt tungt når ein skal på festivalcampen, og dette nettet toler mykje, smiler ho.

Manglar frivillige

Festivalen jaktar no etter fleire frivillige, og i samband med Stad 2020 frir dei spesielt til innbyggjarar i Selje kommune.

– Vi ønskjer oss fleire frivillige frå ytre. Det er her på Malakoff ungdommen kjem til å vere denne helga, påpeikar ho.

– Vi manglar i alle fall 50 frivillige til vakter, kanskje meir. Då er det snakk om å ta vakter som salsansvarleg fredag og laurdag, og vi treng også fleire ordensvakter. Vi er kjent for å ha null kø, og då er vi avhengig av at fleire stiller opp frivillig. Og til fleire ein er til mindre stress er det, seier Guddal.

– Å vere frivillig er veldig kjekt, og vi føler det er mykje positivitet til å stille som frivillig for oss. Ettersom vi ønskjer å halde oppe kvaliteten som vi er kjende for, ønskjer vi å ha med lokale frivillige vakter. Det betyr mykje for oss at vi kan ha ein miks av innleigde og lokale frå regionen, seier ho. Også i år er det sett opp bussar til Selje, Stad, Florø, Sogndal, Volda, Ørsta, Måløy, Stryn og Sandane.