NAV ser føre seg kronisk mangel på arbeidskraft i fylket

Dystre framtidsutsikter

NAV sine analysar har over tid synt at Sogn og Fjordane har store utfordringar når det gjeld å skaffe nok kvalifisert arbeidskraft i dag, og ikkje minst i åra som kjem.

UNDERDEKNING: Nordfjord vil få underdekning på arbeidskraft samanlikna med 2016 i åra som kjem, sjølv med god hjelp frå innvandring.   Foto: Tabell utarbeidd av NAV Sogn og Fjordane

Figuren viser dekningsgrad i Selje, Eid, Hornindal, Gloppen og Stryn.  Foto: Tabell utarbeidd av NAV Sogn og Fjordane

Nyhende

NAV melder om at ein her i fylket kan kome i ein situasjon der offentleg tenesteyting vil få problem med å levere god nok kvalitet på tenestene som innbyggjarane i fylket skal ha. Næringslivet i fylket har over lang tid meldt om vedvarande rekrutteringsproblem som hindrar dyktige framtidsretta bedrifter i å vekse.

Innvandring gjev vekst

Frå 2006 til 2016 har arbeidsstyrken i Sogn og Fjordane auka med 8 prosent, mot 14 prosent på landsbasis. Auken skuldast i stor grad befolkningsvekst som følgje av innvandring, både i form av flyktningar og arbeidsinnvandrarar. No ser ein tendensar til nedgang for begge desse gruppene.

10 år framover

NAV har i sine analysar sett som føresetnad at sysselsetjingsdelen for kvar aldersgruppe vil halde seg på same nivå framover som den var i 2016. Dekningsgrad syner om vi vil ha like mange sysselsette personar tilgjengeleg framover som vi hadde i 2016.

Det ein ser er at Nordfjord vil få underdekning på arbeidskraft samanlikna med 2016 i åra som kjem, sjølv med god hjelp frå innvandring. Dersom reduksjonen i arbeids- og flyktninginnvandring held fram, vert underdekninga kraftig forverra.

– Situasjonen vil bli forverra

– I ein situasjon med eit næringsliv med gode mulegheiter for vekst finns det rett og slett ikkje kvalifisert arbeidskraft tilgjengeleg i dag, og situasjonen vil berre bli forverra. Offentleg sektor er i same situasjon der store kull går over i pensjonstilvære, samstundes som særleg helse- og sosialsektoren treng meir arbeidskraft framover for å kunne møte eldrebølgja, poengterer NAV.

Kystkommunane sterkt ned

Dersom ein bryt desse tala ned på den enkelte kommune i Nordfjord, ser ein at berre Stryn kjem ut på pluss-sida av noko storleik. Eid held fortet, Hornindal med ein liten reduksjon, Gloppen noko meir ned og særleg dei tre kystkommunane går sterkt ned. Desse ulikskapane skuldast i stor grad alderssamansettinga av befolkninga og flyttemønsteret historisk.

Korleis møte utfordringane

Sogn og Fjordane kan i liten grad påverke nasjonale og internasjonale trendar knytt til økonomi, endring i næringsstruktur, asylpolitikk, fødselsratar og flytting, men NAV peikar på fleire vegar for å møte utfordringane.

* Innrette tilbodet av vidaregåande- og høgskuleutdanning best mogleg i forhold til kunnskap om behovet både i privat og offentleg sektor når ein ser framover.

* Betre og raskare integrering av flyktningar.

* Både privat og offentleg sektor kan påverke arbeidsinnvandringa gjennom til dømes bustadpolitikk, faste tilsettingsforhold og ikkje minst språkopplæring.

* Dersom vi i snitt står eitt år lengre i arbeid, vil dette gi ein stor effekt på den samla arbeidsstyrken som er tilgjengeleg.

* Personar som i dag står heilt utanfor arbeidsmarknaden, representerer eit potensial for vekst i arbeidsstyrken. I Sogn og Fjordane er det i dag om lag 5000 uføretrygda og 2500 personar på arbeidsavklaringspengar (AAP). I tillegg kjem arbeidsledige og sosialhjelpsmottakarar.


Det ser ikkje så lyst ut

Som i resten av den vestlege verda har Norge og Sogn og Fjordane nedgang i tal fødde pr. kvinne. Dette gir som kjent redusert fødselsoverskot. Ifølgje NAV Sogn og Fjordane er det lite som tyder på at denne utviklinga vil snu. Levealderen for kvinner og menn aukar jamt år for år. Dette vil truleg halde fram.

NAV peikar vidare på at innvandringa er den faktoren som har klart mest å seie for folketalsutviklinga i fylket og er samstundes den mest usikre når vi ser framover.

Redusert innvandring frå utlandet (flyktningar + arbeidsinnvandring) vil treffe Sogn og Fjordane særleg hardt, ettersom vi har vedvarande negativ flyttebalanse mot resten av landet.