– Pensjonistane må velje dei gode minnene

–Pensjonistar har eit skattekammer av minner. Det gjeld å ta fram dei gode minnene. Dette sa Jostein Midtbø då Sogn og Fjordane pensjonistforbund opna Sommartreffet 2018 i Operahuset Nordfjord.

Latteren sit laust når den eldre garde møtest. Under sommartreffet i regi av Sogn og Fjordane pensjonistforbund var det mange smil og godord å hente. Mange eldre ser fram til dette treffet som blir arrangert eit år i Nordfjord, eit i Sunnfjord og eit i Sogn.   Foto: Inger Træen

Nyhende

Det var tysdag denne  veka at Sogn og Fjordane pensjonistforbund hadde sitt årlege sommartreff. Denne gong var turen igjen komen til Operahuset Nordfjord, der 320 pensjonistar frå heile fylket var samla. Fylkesleiar Per Kjeldstad opna treffet, medan ord for dagen var ved Jostein Midtbø frå Eikefjord pensjonistlag. Han snakka om at pensjonistar som har levd eit langt liv, har eit skattekammer av både minnner og erfaringar. Der det gjeld å bruke dette til å få ein bra kvardag som pensjonist.

– Ein kan velje å fokusere på plager og det som er negativt. Eller ein kan hente fram det positive for å få ein bra alderdom, sa Midtbø i sitt kåseri. Andre postar på programmet var velkomsthelsing av ordførar Alfred Bjørlo, allsong, stand-up med Baste Bolstad, song og musikk ved Ingeborg Myklebust, Sunniva Brekke og Ingrid Espe. Det heile starta med middag, og etter kaffipause var det tid for å høyre på Vilde & Anna, samt kåseri ved Jørgen Amdam.