Bakgrunnen for tilsvaret frå Jacobsen er at Venstre ved Arild Krogh Nøstdal på siste kommunestyremøte tok opp temaet om bygningsforfall, om at det er tre-fire hus det bør gjerast noko med.

Lang tid

– Hadde det ikkje vore for at politikarane i Eid, saman med Riksantikvaren, har brukt så lang tid på å handsame byggjesaka vår, så hadde «Hellebusthuset» vorte sett i stand for lenge sidan, seier Jacobsen.

– Venstregruppa var på synfaring for rundt tre år sidan, der det blei orientert om situasjonen. Slik har situasjonen vore sidan den gong, seier han. Sidan det no er sådd tvil om vedlikehald, vil Jacobsen gjerne kome med ei orientering.

Han viser til at han for fem år sidan først leverte søknad om å få rive bygget.

– For fem år sidan kjøpte vi eigedomen under spesielle forhold. Vi var i god tru om at vi skulle få restaurert og eventuelt bygge på eigedommen. Diverre blei vi ikkje orientert om forholda i samband med C. Papp, før kommunen kom inn i saka. For å forsikre oss om tilstanden, blei byggkonsulent, brannsikringsekspertise, samt kommunale etatar kontakta. Etter ei tid fekk vi signal om å rive, grunna den allmenne tilstanden, påpeikar han.

Teikna nytt hus

Jacobsen kontakta arkitekt Hauge, som teikna eit hus som han meiner glir fint inn i miljøet i Eidsgata.

– Dette blei sendt inn for godkjenning med tilhøyrande nabovarsel, utan nemneverdige merknadar. Vi fekk saka i retur. Husteikningane blei korrigert, og sendt inn på nytt, der noverande fasande blei varetatt. Saka ligg no og ventar på godkjenning hos Eid kommune og Fylkesmannen, utan at vi har høyrt noko meir, seier han.

Falleferdig

– Situasjonen er at huset er i falleferdig stand både ute og inne. Opp mot gata er det støypt heilt inn til ramma. Dette har medført ròteskadar over lang tid. For å rette opp fasaden må huset totalrenoverast. Huset har sige cirka ein meter, heilt fram mot gata. Ramma på heile huset må også fundamenterast på nytt, meiner han.

Huseigaren viser til at når det gjeld fasaden mot Eidsgata, så har den vore ombygd i nyare tid, der panelet er frå 60-talet.

– Som mange veit så var der eit stort forretningsvindauge der når Skårs Gartneri dreiv blomsterutsal. Etter dette var dykkarklubben der. I seinare tid har heile veggen mot gata vorte kledd om igjen, og det har vorte sett inn nye glas og dør som avvik frå gamal fasade, påpeikar han.

– Dei skryt på seg gamle trehus i Eidsgata, men det er lite igjen av det gamle, frå slik eg huskar det frå min barndom, seier han.

Ber om svar

– I søknaden som ligg inne no, vil vi byggje opp att den delen som vender mot gata. Identisk slik den er i dag. Huset vil bli rive fram til byggjelinje på baksida av huset mot Sjøgata, fram til fredingsavgjerda gjeld. Huset blir bygd saman, gamalt og nytt med to husvære mot sjøen og leilegheit over butikk og bakover til trappehus. Vi ønskjer å få til eit koseleg bumiljø. Målet vårt er å få skape

liv i andre etasje, som igjen vil vere positivt for Eidsgata. Det vi treng for å få dette til etter fem års diskusjon, er at politikarane ikkje berre set negativ fokus på denne saka, påpeikar huseigaren, som ber om svar.

Gjennom fem år har det samla seg ein stor papirhaug for huseigar Per Magne Jacobsen, som er lei av å vente på svar frå Eid kommune. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Slik tenkjer huseigaren seg korleis «Hellebusthuset» med påbygg skal sjå ut. Arkitekt er Oddleiv Hauge arkitektkontor.