Hjelle skulemusikk var det minste korpset og det einaste frå Vestlandet.

I helga kunne dei likevel hamle opp med langt større korps, med tilgang til fleire ressursar.

Dette skjedde under NM i marsjering, som blei arrangert i Bø i Telemark. Der Hjelle skulemusikk blei nummer tre i kategorien gatemarsj, med totalt seks deltakande korps i klassa.

Mellom anna så har vinnarkorpset Nøtterøy skolekorps over 100 medlemmer og rekrutterer frå fleire barneskular. Dei beste korpsa har også både marsjdirigent i tillegg til den vanlege dirigenten. Der marsjdirigenten ofte kjem frå gardemusikken.

Blod på tann

– Dette har gjeve oss blod på tann. På bussen heim blei det bestemt at vi skal vere med på NM neste år også, seier dirigent Helge Rønnekleiv.

–Dette viser at Hjelle skulemusikk kan hevde seg mellom eliten innan skulekorps når det gjeld marsjering. Mellom anna så klarte vi å slå Stabekk skoles musikkorps, som har tett samarbeid med gardemusikken i Oslo. Vi er veldig godt nøgde med innsatsen og har fått skjerpa lyst til å øve fram mot neste år, seier Rønnekleiv som åleine har instruert korpsmedlemmane i forkant av NM.

– Vi har øvd jamnt i heile vår, etter eit fast program som vi fekk tilsendt, seier Rønnekleiv som no håpar på å hente vidare inspirasjon frå dei endå meir proffe innan marsjering.

– Til neste sesong er planen å hente inn instruktør frå gardemusikken til ei øvingshelg, eller gjerne fleire slike helgar. Vi er no ute etter tips og råd for å bli betre, seier Rønnekleiv som understrekar at det er stor iver i korpset i høve til marsjering.

– Musikantane i skulemusikken likar på marsjere. Ikkje minst er det kjekt når vi kan reise på slike kjekke turar til NM. Det var mykje aktivitet heile helga, og det var spennane å sjå på gardemusikken til dømes, seier Rønnekleiv som sjølv lærte å marsjere då han var i brigademusikken i militære. Og det var etter avslutta militærteneste han starta med å dirigere Hjelle skulemusikk.

Og til neste år satsar dei fram mot eit nytt NM.

Kvar det blir er ikkje bestemt enno.

–Draumen er å kunne arrangere NM i marsjering i samband med Rocka musikkstemne på Eid ein gong. Det er fullt mulig å få til, seier Rønnekleiv.