Til kommunestyremøtet stilte Furnes spørsmål ved stoda for kommunale tomter i Hjelle krins.

Dette er svaret Furnes fekk frå ordførar Alfred Bjørlo:

I budsjettvedtaket hausten 2017 gjorde kommunestyret vedtak om å løyve kr 1 mill som startløyving for bustadfelt på Hjelle og Haugen. Det går fram av investeringsplanen at reguleringsarbeid på Haugen ikkje kan starte opp før revidert arealdel ligg føre. Arbeidet med denne er starta opp, men sett på vent grunna redusert bemanning i plan- og utviklingsavdelinga. Formannskapet vedtok i april samrøystes at dette planarbeidet skal ha prioritet nr 2 etter avgrensa revisjon av arealdel for Nordfjordeid sentrum når det no blir sett inn ekstra kapasitet på gjennomføring av planarbeid gjennom innkjøp av eksterne plantenester. Det er utlyst anbod på kjøp av slike tenester, med sikte på å inngå kontrakt om kjøp av tenester i løpet av juli/august.

På Hjelle er det derimot avsett tre område til bustadbygging: B16, B18 og B19. Det har vore naturleg å starte arbeidet med framtidig bustadbygging med vurdering av dei areala som er avsett i arealdelen.

B 16 ligg rett aust for Firda Kaserne. Her har ein privat aktør starta reguleringsarbeid. Reguleringsplanen er ikkje ferdigstillt grunna problemstillingar knytt til støy frå skytebana ved Firda kaserne.

B 19 er eit lite område like aust for krysset mellom vegen til Heggjabygda og E39. Her bør eventuell regulering vurderast i samanheng med etterbruk tilliggande areal. Dette arealet er regulert til massetak med etterbruk bustad. På sikt kan difor B19 utvidast til eit større areal.

B18 ligg rett nord for det private bustadfeltet på Fossebakken. Andor Hovden AS har kjøpt delar av B18, og er firmaet klar til å starte regulering her. Resterande areal innanfor B18 er disponibelt. Frå prosess kring utarbeiding av arealdelen er vi kjende med at grunneigar ikkje er positiv til utbygging av dette området.

Som det går fram av skrivet frå Steinar Furnes er bustadområda i Mogrenda og på Fossebakken tilknytt dyrka og dyrkbar landbruksjord av god kvalitet. Avgrensingane  mellom landbruksareal og planlagt bustadareal er ikkje god. Begge interesser ville nyte godt av ei meir eintydig avgrensing, med minst mogeleg interessekonflikter. Det er difor innleia ein dialog med grunneigarar i område med tanke på å kome fram til ei omforeint løysing der all bustadbygging vert konsentrert i eit samanhengande område langs E39. Delar av område B18 vert då tilbakeført til landbruk.

Løysinga avvik frå kommuneplanen sin arealdel, men vert av administrasjonen vurdert som ei betre løysing både planfagleg og ut frå omsyn til landbruket.

Det politiske forhandlingsutvalet for fast eigedom har vore involverte i denne prosessen, og gjeve administrasjonen mandat til å forhandle med private grunneigarar. Involverte grunneigarar er positive til løysinga, men avtale om grunnkjøp/makeskifte er ikkje klar enno, også dette på grunn av redusert bemanning og avgrensa kapasitet i administrasjoen.

Pr dato har grunneigar no fått eit avtaleframlegg til vurdering, og kommunen avventar ei tilbakemelding. Dersom ein kjem fram til ei løysing som er tenleg for alle partar, kan ei slik avtale leggast fram for politisk godkjenning i fyrste møte over sommaren.