Sandvik hadde stilt fleire grunngjevne spørsmål, som ordførar Alfred Bjørlo svarte på i kommunestyret. Dette er svaret frå Bjørlo:

Først litt om handelsnæringa generelt: Ei viktig næring - og viktig å sjå på ho nettopp som ei næring - som skapar arbeidsplassar, vekst og busetjing i kommunen vår. Dei siste tala vi har for sysselsetjing, frå 2016, syner at det er nær 450 arbeidsplassar i varehandelen samla i Eid og Selje, noko som utgjer 11 % av samla sysselsetjing i nye Stad kommune. Den store tyngda av desse arbeidsplassane ligg på Nordfjordeid.

Handelsnæringa i Eid har vore nede i ein bølgedal. Vi skal ikkje mange år tilbake i tid før Eid heldt på å sakke alvorleg akterut som handelsstad - med nedgang i handelsomsetjing og sysselsetjing - og mindre omsetnad pr innbyggjar enn alle tettstadane rundt oss (Måløy, Sandane, Stryn, Volda).

Dette har snudd dei siste 2-3 åra. I følgje dei siste tala, frå 2017, har Eid no tatt tilbake posisjonen som den leiande handelskommunen mellom Førde og Ålesund. Varehandelen i Eid var i 2015 på 83.400 kr pr innbyggjar. I 2017 har det auka til 93.500 kr pr innbyggjar, altså ein vekst i omsetnad på utrulege 60 millionar kroner på berre to år!  (Varehandel med unnatak av motorkøyretøy og bensin).

Etableringa av Amfi Nordfjord har vore avgjerande i så måte, og forklarer truleg det meste av denne veksten. Vi ser også nye, viktige etableringar no i 2018 som høgst truleg vil styrke denne veksten ytterlegare i åra framover.

Sitat frå Strategisk Næringsplan for Eid og Selje:

– Eid har styrka sin posisjon dei siste åra, og har blitt eit regionsenter innan handel. Stort omland og god bredde i utvalet gjer Eid attraktivt som handelssenter, og er vel per i dag å rekne som det største handelssenteret mellom Førde og Ålesund/Moa. Alt ligg til rette for vekst i bransjen gjennom etablering av nye aktørar i det nye næringsområdet på Eid. Det er viktig å starte planlegging av nytt areal no, helst i randsona av eksisterande handelssenter.

– Eid blir oppfatta som ein god handelsplass med urbane kvalitetar, med viktig grensesnitt mellom handel, kultur, oppleving og reiseliv.

Dette bakteppet er særs viktig for dei tema Siri Sandvik tar opp. Det at Nordfjordeid er i ferd med å ta posisjonen som den leiande handelsstaden mellom Førde og Ålesund - ikkje minst gjennom etableringa av Amfi Nordfjord og den øvrige "sentrums-satsinga" som er gjort dei siste åra med opprusting av byrom i Eidsgata, etablering av Sagaparken, av cruisekai, opprusting og utviding av gjestehamn, skilting og andre små og store tiltak for å gjere sentrum penare og meir imøtekomande - det gir eit utruleg mykje betre utgangspunkt også for auka liv og aktivitet i Eidsgata enn om vi ikkje hadde klart å snu den trenden handelsnæringa i Eid var inne i for nokre år sidan.

– Samtidig er det rett som spørsmålsstillaren peikar på, at dei store - og i all hovudsak positive  endringane vi ser i handelsnæringa i Eid - også gir utfordringar - ikkje minst for Eidsgata.

Strategisk næringsplan seier m.a. følgjande:

Eidsgata vert peika på som ei utfordring, der ein må stimulere til auka aktivitet. Noko som krev samspel mellom kommunen og aktørane. Auka netthandel er ein trussel for næringa, men samtidig eit potensial for lokale aktørar som vil ta ein posisjon på netthandel. Kombinasjonen med butikk og netthandel er ein styrke.

Næringsanalyse Stad kommune seier følgjande om Eidsgata:

* Eidsgata er ei utfordring. Må stimulere til auka aktivitet, krev samspel mellom kommunen og aktørane

* Eidsgata – ein juvel på Eid. MEN:

* Juvelen må utviklast og foredlast. Viktig faktor i grensesnittet mellom handel og kultur/opplevingar

* Aukande tal på ledige lokale . Butikkar legg ned, vert erstatta av kontor på gateplan

* Fleire hus er i forfall – mange står tomme

* Uklare parkeringstilhøve, bruk/merking av p-plassar

* Må ta et felles løft for å snu utviklinga

* Krev strengare regulering frå Eid Kommune

* Krev omfattande samarbeid mellom næringsdrivande, huseigarar og kommunen

* Aktørane er ikkje førebudde på ny trafikk frå cruiseanløp – 60.000 i 2019

* Stort potensial for fleire nisjetilbod i Eidsgata, utvikle urbane kvalitetar

* Auka bruk av Sosiale media

* Bygge opp guide-kompetanse /skilt som kan fortelje den ekte og unike historia om Eid

Dette synst eg er viktige poeng, og det gir eit godt bakteppe for det strategiske arbeidet som må gjerast i tida framover for å fornye og utvikle Eidsgata i ein ny røyndom - der Eid har blitt eit handelssenter for heile regionen rundt - med store kjede-etableringar som drivar for utviklinga - og med ein komande "revolusjon" i aktiviteten på Nordfjordeid knytt til turisme og reiseliv. Som kjem fort: Med over 50.000 cruisepassasjerar og opning av Sagastad allereie neste år.

Stikkkordet for å lukkast, trur eg er samarbeid - og sjå at skal Nordfjordeid som handelsstad lukkast, er samarbeid den beste strategien. Etableringa av Amfi Nordfjord og andre større kjede-etableringar på Nordfjordeid er - spissformulert - ikkje trugsmålet mot Eidsgata - men tvert imot den beste garantisten for at kundegrunnlaget for all handel på Eid i framtida er størst mogleg. Alternativet er at handlande reiser andre stader - eller handlar på nett.

Så då skal eg prøve å svare noko meir konkret på spørsmåla spørsmålsstillaren tar opp:

1. Er det aktuelt for kommunen å rullere eksisterande reguleringsplan, slik at ein sikrar næring/butikkdrift på gateplan i Eidsgata?

Svaret er ja, men ein del andre "brikker" må på plass fyrst.

For det fyrste er det alleree innhenta tilbod på utarbeiding av handels- og tettstadutviklingsanalyse. Kontrakt signert i går, oppstartmøte på fredag.

Det skal utarbeidast prognoser for detaljhandel, både med omsyn til omsetning og arealbehov, som grunnlag for framlegg til sentrumsavgrensing

Tema til drøfting:

  • Lokalisering av varehandel i dag

  • Omsetningutvikling siste 10 år

  • Andre utviklingstrekk ( befolkning, kjøpekraft, forbruksmønster)

  • Kommunen si dekningsgrad innanfor ulike bransjar

  • Konkurranseforhold Nordfjordeid – andre tettstadar

  • Potensiale for auka handel i sentrum

  • Innspelsmøte med handelsstanden mfl i slutten av august (før rapport er ferdigstilt)

  • Ferdig rapport medio september

For det andre har Fomannskapet vedteke oppstart av arbeid med ny arealdel for Nordfjordeid sentrum. Føremål: Avgrense sentrumssona med bakgrunn i fylket si føresegn om lokalisering av handel og kjøpesentra.

Planprogram er godkjendt (formannskapet)

Rammeavtale på planleggingstenester har vore ute på anbod. 5 tilbydarar, det vert gjort avtale med 3 av desse. Evaluering pågår. Ferdigstilling av planarbeid (arealdel) må avklarast med vald tilbydar. Formannskapet har vedteke at planarbeidet med Nordfjordeid sentrum her skal ha prioritet nr 1.

Arealdelen bør vere på plass før vi startar reguleringsarbeid. Det kan vere tenleg å lage ein ny, samla plan for heile det nye sentrumsområdet. Dette må sjølvsagt vurderst som del av planstrategien for Stad kommune

Tilsvarande innspel som det Siri Sandvik tek opp, har for øvrig også kome frå det nye kulturarvteamet, sak 3/2018: «Det bør ikkje vere bustad i 1. etg. i desse husa i Eidsgata. Dette må bli vurdert i samband med revisjon av reguleringsplanen for Nordfjordeid sentrum som etter planstrategien skal starte opp i 2019. Dersom det kjem inn søknader om bruksendring før planen er revidert, så må desse sakene  løftast opp for kulturarvteamet.»

2. Korleis kan kommunen bidra til auka fokus på lokal handel?

Eit viktig spørsmål. Dels handlar dette om haldningsskapande arbeid, som må gjerast i felleskap med handelsstanden. "Eid Inviterer" er her etablert som ein felles paraply, og mykje godt arbeid blir her allereie gjort av handelsnæringa på Eid, ikkje minst handelsdrivande i Eidsgata

Så ligg det også store moglegheiter i å utvikle kommunen si rolle som stor innkjøpar. I dag er vi i stor grad bundne av fylkesdekkande rammeavtaler, som innanfor mange bransjer er ei hindring for lokal handel i Eid og Nordfjord

Dette vil endre seg i tida framover. Som følgje av etableringa av nye Vestland fylke, vil dagens fylkesavtale-system for innkjøp, administrert av Sogn og Fjordane fylkeskommune, falle vekk.

Det er då naturleg å erstatte denne med avtaler med meir lokal forankring. Eid kommune har fått meir kompetanse på innkjøp i eigen organisasjon dei siste åra. Dette blir det arbeidd med som ein viktig strategi for nye Stad kommune. Nøyaktig form og innretning er ikkje avgjort, men eg er trygg på at dei endringane som no skjer i fylkes- og kommunestruktur, vil styrke høvet til auka lokal handel for nye Stad kommune - sjølvsagt innanfor lov og regelverk for offentlege innkjøp.

3. Korleis kan ein tenke vidare enn berre tradisjonell butikkdrift for å få auka aktivitet i Eidsgata? Kan ein hente inspirasjon frå andre tettstader?

Svaret er definitivt ja. Og det er eit viktig poeng. For ingen må gå rundt og tru at problemstillingane Siri Sandvik peiker på er eit spesielt "Eida-problem". Snarare tvert imot - i svært mange andre tettstader er problema med tøming av tradisjonelle sentrumsgater komen betydeleg lenger enn hos oss, og mange stader i landet er det gjort mykje interessant utviklingsarbeid for å finne nye løysingar for sentrumsgater i ei ny tid.

Eg vil her ikkje minst peike på prosjektet "Levende lokaler", som Norsk Design- og Arkitektursenter (DOGA) har drive dei siste tre åra i tre pilot-kommuner, mellom anna i Arendal. Arendal hadde då prosjektet starta 25 tome butikklokale i sentrum. No er alle fulle - ikkje med tradisjonelle butikkar - men med andre former for liv og aktivitet.

Frå hausten av skal DOGA samarbeide med Distriktssenteret for å bistå kommuner som ønskjer hjelp til gje sentrum eit løft med metoden frå "Levende lokaler" - det er ei satsing eg definitivt synst Eid og nye Stad kommune skal vere med på, dersom det også er eit ynskje frå handelsstand og huseigarar i Eidsgata.

Samtidig er det viktig å hugse på at det også finst gode lokale døme på Nordfjordeid på handelsdrivande i Eidsgata som har lykkast dei siste åra - vi skal ikkje svartmale! Det handlar mykje om kompetanse og "konsept-utvikling" - å finne si nisje, sine mulegheiter i ei ny tid. Også på Eid kan handelsdrivande lære mykje av kvarandre - og dyktige handelsfolk har alle moglegheitar til å lykkast.

Så kan kommunen bidra med gode rammevilkår for grunderarar og nyskaparar, f eks gjennom kommunalt næringsfond, ved at næringsverksemd er friteke for eigedomsskatt, ved å vere med på fellesløft som er viktige for handelsstanden (til dømes no ny Julegate), og ikkje minst kompetanseheving og kunnskapsløft.

4. og 5. Eksisterer det ein overordna plan for korleis ein kan få mest mogleg næring ut av cruise-turismen? Det må vere eit overordna mål at flest mogleg lokale næringsdrivande kan ta del i denne handelen.

Kan kommunen i samarbeid med til dømes Nordfjordeid Senter utarbeide ein slik «masterplan», og også vurdere behovet for eit eige «arrangementselskap» knytta opp mot cruise-turistane?

Å bygge opp ein god cruisedestinasjon er eit langsiktig arbeid - som ikkje er gjort "over natta". Det er likevel allereie gjort eit særs viktig grunnlagsarbeid for det spørmålsstillaren etterspør, i regi av Seawalk Nordfjord og etablering av nettportalen "Port of Nordfjordeid".  Vil oppmode alle til å gå inn på denne sida, og sjå det viktige grunnlagsarbeidet som her er gjort - delfinansiert gjennom Kommunalt næringsfond.

VAKN prøvde å dra i gang arbeid med ein slik felles plan eller arrangementsselskap allereie i fjor vår - med å ta initiativ til konseptet Cruise Day, og gjennomføring av eit godt besøkt temamøte om cruise, for å spreie kunnskap og kompetanse til handelsnæringa i Eid.

Mi analyse pr i dag, er at ein god del einskildaktørar innanfor handel er i gang med å bu seg til cruiseturismen - men at det enno manglar den "samla strategien" som spørsmålsstillaren etterlyser. Det trur eg er på høg tid no. Dersom eit slikt initiativ kjem frå Handelsnæringa, bør etter mitt syn Eid kommune

Elles kan eg nemne at arbeidsgruppa Eid Inviterer samfunn skal ha møte 5. juli. Førebuing til cruiseanløpa skal vere tema - dette kan vere eit naturleg tema å løfte der.

Igjen: Dette handlar dels om kompetanse og kunnskap - her kan kommune spele ei viktig rolle i å koordinere og knyte til seg relevant kompetanse (ref. Vakn-møtet i fjor) - dels om at handelsnæringa finn ut kva ein ønskjer og vil - og set seg i førarsetet. Då bør kommunen vere med.

Heilt avslutningvis: Eg trur det arbeidet som blir gjort med ei ny organisering av nye Stad kommune - med auka samla trykk og strategisk satsing på utviklingsretta arbeid, er heilt nødvendig for å løyse dei utfordringane Siri Sandvik peiker på.

Programleiar/rådmann for Stad kommune har no lagt ut på høyring framlegg til organisasjons- og leiarstruktur. Det ver planlagd å etablere ei ny avdeling for «Lokal samfunnsutvikling», der ansvar for følgjande oppgåver er samla:

Næring, reiseliv, bulyst, idrett og friluftsliv, kulturminne, kulturpris, tilskotsordningar, nærdemokrati/med-verknadsordningar, koordinatorfunksjonar for ekstern samfunns-utvikling, ungt entreprenørskap, SLT-koordinator, samferdsel, kollektivtilbod/skuleskyss, skjenke- og serveringsløyve

Ei slik organisering vil samle ressursar og ansvar i ei eining. I dag er mange av desse oppgåve spreidde, og ansvaret uklart. Etablering av ein ny kommune, der vi kan tenkje nytt og fritt - kan endre dette til det betre. Men det krev at vi klarer å frigjere og prioritere ressursar til utviklingsarbeid - og at det er politisk vilje til dette.

Eit langt svar - men spørsmålet krev det - og eg vonar svaret syner at dette er tema som vil bli viktige og vi vil kome attende til ved gjentekne høve i åra framover. Eid er i vekst som handelsstad og reisemål for opplevingar, kultur og turisme - midt i hjartet av Fjord-Noreg - det gir eit fantastisk utgangspunkt for vekst og utvikling av Eidsgata i åra framover.