I februar i år selde Bjarne Rundereim dei fem hyttene til Eirik Halvorsen(36), som kjem frå Oslo, og vil skaffe seg eit levebrød på Rundereim. Han samarbeider med Bjarne om båtutleige, som er eit must i turistbransjen. 80% av turistane er fisketuristar.

Surfing var trekkplasteret

Eirik Halvorsen, som tidlegare jobba med strøymetenester i Canal Digital, kom først til distriktet i 2010-11, og då var det surfing i Hoddevik som var trekkplasteret. Han seier at det er surfing som er hovudmotivet for å slå seg ned i Selje kommune. Han budde eit halvt år i Hoddevik og fekk sansen for distriktet.

− Sesongen i år teiknar veldig bra, seier han. Alt er utleigd no.

Halvorsen er og ein habil snowboard-køyrar, og dreg så ofte han kan til Harpefossen i vintersesongen.

Nytt segment

I sommarsesongen vil Halvorsen drive med tradisjonell hytteutleige til turistar, men ser føre seg eit nytt segment; han vil jobbe med å få til utleige til folk som kjem til Stadlandet for å surfe og gjerne kombinerer surfing og snowboard-køyring på Harpefossen. Dermed får han og meir drift i vintersesongen og betre inntening.

Han vil no satse på ei framtid i turistbransjen på Rundereim, og reknar med at han skal greie seg fint med inntektene på hyttene, som er velutstyrte og publikumsvenlege på alle måtar.

Stadlandet er surfemekka

På Stadlandet kan ein oppleve allslags vêr og vind, bårer og storhav. Frå Rundereim kan ein på under ein time lett nå strendene både i Hoddevik og Ervik. Stadlandet er etter kvart blitt bortimot verdskjend for gode surfemuligheiter. Og det er vinteren som er høgsesong, for det er då ein kan oppleve det villaste vêret og dei største bårene.

Ein temperatur i lufta på fleire kuldegrader og berre nokre få varmegrader i vatnet, skræmer ikkje surfarane. Våtdrakta gjev godt vern mot kulde uansett.

Harpefossen skisenter

Dersom ein skulle føretrekke utfordrande aktivitetar på land, ligg Harpefossen Skisenter under ein times biltur unna. Dei har eit rikt tilbod innan både skikøyring og brettkøyring, og både familiefolk og tøffingar kan utfalde seg der.

GAMAL OG NY EIGAR: Bjarne Rundereim(t.v) dreiv i mange år Rundereim rorbu og hytter. Eirik Halvorsen er ny eigar av hyttene. Foto: Per Ole Lefdalsnes
IHUGA SURFAR: Halvorsen er ein ihuga surfar. Foto: Per Ole Lefdalsnes
RUNDEREIM HYTTER AS: Eirik Halvorsen er ny eigar av dei fem hyttene. Foto: Per Ole Lefdalsnes