I februar 2018 la det såkalla «Ekspertutvalet» fram sin rapport: «Regionreformen - Desentralisering av oppgaver fra staten til fylkeskommunene».

For kulturfeltet er det foreslått radikale endringar i høve dagens modellar, utan at aktørar på kulturfeltet tilsynelatande har vore involvert eller rådspurt.

Forslaga inneber store endringar i høve ansvar for og økonomiforvaltning av kulturlivet. Ikkje uventa har det kome sterke reaksjonar på deler av forslaga.

Utvalet slår fast i i Kapittel «15 Kultur» at «I tillegg til stor spredning av kulturinstitusjoner regionalt, er det bygd opp kvalitativt sterke miljøer som fungerer som nasjonale fyrtårn innenfor sine fagfelt.»

Likevel foreslår utvalet at alle slike «nasjonale fyrtårn» som ikkje ligg i Oslo, som t.d. Musikkselskapet Harmonien, Sogn og Fjordane Teater og mange fleire, i framtida skal styrast av dei nye fylkeskommunane, medan «Hovedstadsinstitusjonene som i dag er helfinansiert av staten over post 70 Nasjonale institusjoner beholdes som et statlig ansvar.»

Dette bryt radikalt med prinsippa i dei siste 10-åras kulturpolitikk, der ein har bygd opp nasjonale institusjonar og organisasjonar over heile landet, i samspel mellom nasjonale, regionale og lokale styresmakter. Dei nasjonale fyrtårna over heile landet er viktige berarar av norsk kulturarv. Dei tilbyr musikk- og scenekunst av høg kunstnarleg kvalitet, enten det no er i Oslo, Bergen eller Førde. Dette er ein nasjonal kulturpolitikk vi har grunn til å vere stolte av.

Ved å avgrense staten sitt ansvar til berre å omfatte «hovudstadsinstitusjonar» innan kulturfeltet, går ein fleire 10-år tilbake i bygging av kulturfeltet og kastar på båten moglegheiten til å drive ein samlande og nasjonal kulturpolitikk, med utgangspunkt i at det nettopp finst «nasjonale fyrtårn» over heile landet. Vi er ikkje i tvil om at fylkespolitikarane våre vil det beste for kulturfeltet og for dei nasjonale fyrtårna i sine område. Og vi er ikkje usamde i at mindre tiltak også innanfor kulturfeltet med fordel kan styrast frå dei nye fylkeskommunane.

Vi meiner likevel at politikarane våre må stå opp mot deler av tankegodset og konklusjonane «ekspertutvalet» kjem med.

Utvalet skriv m.a. «Musikk- og scenekunstinstitusjonene, museene og mange andre tiltak som finansieres over Kulturfondets og departementets budsjett har i all hovedsak et regionalt nedslagsfelt. Publikum er i stor grad innbyggere bosatt i fylket der institusjonene ligger eller der arrangementet pågår (…..……) Kompetanse innenfor store deler av kulturområdet finnes i alle deler av landet og krever ikke en nasjonalt forankret organisasjon og prioriteringer.»

Både dei såkalte «hovedstadsinstitusjonene» og andre kulturinstitusjonar utover landet har flest publikummarar frå eigen region, også dei som ligg i Oslo. Det er ikkje dermed sagt at dei ikkje har eit nasjonalt oppdrag. For Førde Internasjonale Folkemusikkfestival (Førdefestivalen) sin del, er forøvrig besøkstalet av publikum frå andre fylke/utlandet nærare 40%, og festivalen vert dekka av nasjonale og internasjonale media.

Fleire av kulturfyrtårna utover landet har òg sterke posisjonar internasjonalt. Førdefestivalen har t.d. vore ranka mellom dei beste festivalane i Europa både av the Guardian og National Geographic, og er eit viktig utstillingsvindauge for norske og nordiske musikarar mot utlandet.

Både Opera Nordfjord, Sogn og Fjordane Teater, Førdefestivalen og Musea i Sogn og Fjordane er viktige deler av eit nasjonalt nettverk av kulturelle fyrtårn i landet vårt.

Vi meiner det er avgjerande viktig at Staten framleis tar ansvar for desse institusjonane og har moglegheit for å sjå på desse under eitt, i eit nasjonalt perspektiv, og dermed kunne drive ein nasjonal kulturpolitikk som ikkje er redusert til eit fåtal kulturinstitusjonar i hovudstaden.

Dette treng sjølvsagt ikkje medføre at dei nye fylkeskommunane ikkje skal ha delansvar og engasjement for kulturfyrtårna i eigen region. Vi har ein modell i dag med tredelt ansvar mellom stat, fylkeskommune og kommune. I staden for å kaste vrak på denne modellen, meiner vi den bør utviklast og forbetrast.

Vi vonar fylkes- og Stortingspolitikarane våre ser verdien i at Staten tar ansvar for våre nasjonale fyrtårn innan kulturfeltet, også om dei ligg utanfor hovudstaden, og oppmodar til å arbeide for dette i handsaminga av desse sakene i Stortinget, både når det gjeld regionreformen og den komande kulturmeldinga.

Med helsing,

Bodil Kvamme, Sogn og Fjordane Teater

Kari Standal Pavelich, Opera Nordfjord

Kjartan Aa Berge, Musea i Sogn og Fjordane

Hilde Bjørkum, Førde Internasjonale Folkemusikkfestival