Serveringsstaden har vore i drift sidan 1999, og heile tida er det ekteparet Randi og Karl Johan Drageset som har stått for drifta. På desse åra har restauranten fått eit godt renommé blant reisande enten dei no kjem langs landevegen eller sjøvegen, og store delar av året har ekteparet Drageset stått på i Dampen fem dagar i veka.

Familien dreiv handel

Karl Johan Drageset er fødd og oppvaksen på Davik. Familien Drageset flytte frå Innvik til Davik og overtok tidleg i 1920-åra landhandelen med bakeri, dampskipsekspedisjon og telefonsentralen. Det var Ivar Wiik frå Davik som fyrst starta landhandel på nedre Davik rundt 1880 og det var og bygd Dampskipskai i tilknyting til landhandelen.

Bestefaren til Karl Johan Drageset, Paul Drageset, tok over butikken like før krigen, og det hadde og blitt bygd nytt forretningsbygg på kaia, og gamlebutikken blei nytta til lager.

Karl Johan fortel vidare at familiefirmaet vart gjort om til aksjeselskap. Dei la ned butikken på kaia og det blei reist eit nybygg ved fylkesvegen i 1983. Det er i dette bygget Nærbutikken held til no.

Randi fekk ideen

Randi Drageset er frå Måløy, og saman med mannen flytte ho til Davik for å jobbe i fiskeindustrien. Men Davik Fiskeindustri sleit økonomisk, og dei såg seg om etter eit tryggare levebrød. Randi fortel at det nok var ho som kom på ideen om å starte serveringsstad. Lokala på kaia der det hadde vore drive butikk stod tome etter 1983 og var eigde av svigerfaren Arnvid Drageset.

Som tenkt som gjort; Dei hadde inga erfaring i bransjen, men hadde stort pågangsmot og etter kjempeinnsats med å rydde og klargjere for restaurantdrift, kunne dei stolt opne dørene i 1999.

I dag står restauranten der stilrein i eit maritimt miljø. Gamle bilete frå Davik pryder veggene, og modellar av dei velkjende fylkesbåt-travarane står på hyllene.

Populær møtestad

Randi fortel at det var gode tider på Davik rundt tusenårsskiftet. Lakseslakteriet gav jobb til mange og eit større anleggsarbeid var i gang for å etablere Bremangersambandet. Det var mange ungdomar i distriktet og opninga av Dampen blei helsa velkomen.

Mellom anna stod biff og hamburgar på menyen, men det er fiskesuppa som etter kvart blei eit trekkplaster og ikon for Dampen og som framleis er etterspurd. Randi opplyser at basisen er kraft kokt på sei, med torskestykke i suppa. Meir vil ho naturleg nok ikkje ut med. Men ho fortel at det er frå foreldregenerasjonen dei har oppskrifta som har blitt slik ein suksess for serveringsstaden.

I starten hadde dei og trubadurar til å underhalde, men dei har etter kvart blitt så dyre at det maktar dei ikkje økonomisk.

Randi fortel spøkefullt at ei fast stamme av davikarar møtes kvar søndag til meiningsutveksling og triveleg prat i Dampen. Denne gruppa har blitt litt av ein institusjon og er viktig for bygdefolket.

Vurderer sal av Dampen

Alt har si tid, meiner ekteparet Drageset, og no tenkjer dei å gje seg med restaurantdrift. Dei er båe godt inne i pensjonsalderen, og ser gjerne at nye krefter overtek. Og det er ei godt innarbeidd bedrift dei no sel. Dei etterlyser driftige folk som kan drive Dampen på den gamle dampskipskaia i Davik vidare.

GAMLEBUTIKKEN: Slik såg gamlebutikken på kaia ut om lag 1910. Foto: Per Ole Lefdalsnes
TRE GAMLE TRAVARAR: Randi Drageset med eit ”Natthus” med kompass inni, og modellar av Nordfjord 1, Sunnfjord og gamle Nordfjord 1 på hylla. Flagget til ærverdigeFylkesbåtane er og viktig for Dampen. Foto: Per Ole Lefdalsnes
DEN FØRSTE LANDHANDELEN: Den blei starta i 1880-åra av Ivar Wiik frå Davik og var i drift til 1936 då den vart flytta til eit nybygg like ved. Foto: Per Ole Lefdalsnes
PÅ PLASS BAK DISKEN: Slik er det gjestane kjenner ekteparet Drageset. I full sving bak disken. Foto: Per Ole Lefdalsnes
NAMNETREKKA TIL BYGNINGSFOLKET: IW er initialane til butikkeigaren Ivar Wiik. Dei andre namna er bygningsmenn som reiste gamlebutikken for nesten 140 år sidan. Foto: Per Ole Lefdalsnes