I Fjordabladet frå 19. mai 1982 kan vi lese om feiringa som hadde vore to dagar før.

Teatersjef Anne Gullestad heldt ein aktuell 17. mai-tale til ein stor tilhøyrarskare på rundt tusen personar i det fine vårvêret på Nordfjordeid. Strevet for fred og angsten for bruk av atomvåpen var med i talen. Ho trekte i høg grad trådane attende til grunnlovsforsamlinga på Eidsvold. 168 års fred med Sverige synte at tingseta handla rett den gongen. Dette forplikta oss til å bruke alle krefter på å skape internasjonal avspenning, og hindre at verda blir kasta ut i ein ny krig med fare for bruk av atomvåpen.

35 år etter

17.05.2017:

Vêret kom som bestilt med sommar på nasjonaldagen. Det var stor deltaking i alle toga på Nordfjordeid, på programmet i Amfiet og barneleikane. Tuva N. Taklo og Tuva S. Lund heldt talen for kongen på Plassen.

Dei nytta høve til å reklamere for dei mange allsidige og gode tilboda vi har, og dei inviterte kongeparet til å ta seg ein tur til Nordfjordeid.

Feiring: Biletet er frå 17. mai feiringa på Nordfjordeid i 1982.
Leik og moro: Å gå på stylter høyrer med når det er 17. mai-feiring – også i 1982.