Her er naturen vrengt utside inn i rom som du ikkje har sett før; Fossen flyt ut over golvdekket, reven har lista seg gjennom lokalet og etterlatt spor og du kan sitte på havbotn og nyte skjelpadder, skipsvrak og haiar som sirklar over deg.

Opplevingar

– Vi vil skape interiøropplevelsar som ikkje folk har sett før. Vekk med det kvite, beige og grå. Signal er fargar, spennande materialar og kreativ utforming. Showrommet skal vere til inspirasjon for kva som er mogleg å få til. Ein kan skape interiør som faktisk kan vere med å påverke helse og humør i ei positiv retning, om det er på kontoret eller heime, seier Gro Caroline Flølo, designar og dagleg leiar SignalNorway.

Frå design til montering

Det er tre bedrifter som står bak Signal-satsinga; Farmhouse, Fluorlux og Feel Free Production.

Dei satsar på ei felles merkevare som samlar alle tre sine styrker i å levere på små og store interiørprosjekt.

– SignalNorway er totalleverandør av interiørprosjekt. Det vil seie frå design og prosjektering av inventar til produksjon og montering av ferdige lokale. I første omgang er fokuset på næringslokale og offentlege bygg som; kontor, showrom, butikk, hotell, kafé/restaurant, messe og utstillingar. Rom som viser igjen med ein sterk identitet og med ønskje om å skape ei god oppleving for dei som høyrer til i lokalet, seier Marta Myklebust. Ho er frå Eid og er designar og produktansvarleg i SignalNorway.

Ingen grenser

Dei meiner spennande produksjonsteknologi set ingen stoppar for kva dei kan produserast. Dei viser til at dette gir fridom for kundar og i samband med design og konstruksjon.

I showrommet har SignalNorway dekorert både vegger, golv og møblar med dekorfolie.

– Det har lenge vore populært å måle vegger med kontrastfargar. Vi meiner det er vel så spennande med heildekkande bilde – gjerne som du har tatt sjølv på ein av fjellturane eller reiser. Bedrifter bør gjere kontor om til showrom og bruke veggflater til både å vise fram teknologi og produkt for besøkande, eller den lokale naturen gjennom foto, seier Gro Caroline Flølo.