Det har initiativtakarane bak planane om oppgraderinga av uteområdet ved Stårheim skule bestemt seg for.

Når uteområdet står ferdig skal det få namnet Stårheimsparken. Namnevalet er ikkje tilfeldig, då det er meininga at Stårheimsparken skal bli mykje brukt også på kveldstid og i helgar.

– Eit viktig poeng er at Stårheimsparken skal vere ein samlingsstad for folk i alle aldrar. Vi ønskjer å gje heile sentrum eit løft ved å skape noko ekstraordinært, seier Asgeir Heimdal Reksnes.

Samarbeidsprosjekt

Å få bygd Stårheimsparken er eit samarbeidsprosjekt mellom Stårheim IL og Foreldrearbeidsutvalet (FAU) ved skulen. Stårheimsparken blir bygd på kommunal grunn, men det er ikkje tenkt at det skal brukast kommunale midlar.

Anlegget vil få spelemidlar til nærmiljøanlegg som finansierer Stårheimsparken 50 prosent. Resten må bli gåver, tilskot, dugnad og innsamlingar. Derfor går arbeidsgruppa for uteområdet ved Stårheim skule no ut og sparkar i gang innsamlingsarbeidet for fullt. Dei håpar på god respons frå gåvmilde bidragsytarar.

– Kvar ei krone vi samlar inn utløyser ei ekstra krone i spelemidlar. Dess meir folk bidrar, dess betre blir det endelege resultatet, seier Asgeir Solheim Reksnes.

Ikkje svart

Arbeidsgruppa understrekar at teikningane arkitektane i Uniqa AS har utarbeidd er mellombelse, og at endringar kan kome.

– Det som i alle fall er heilt sikkert er at grunnen ikkje skal vere svart. Det har elevrådet, som har vore med på å planlegge området, sagt tvert nei til, seier Astrid Grete Torheim.

Når det gjeld type underlag i Stårheimsparken, tenkjer arbeidsgruppa seg same type dekke som i klatreparken på Nordfjordeid.

– Her skal det teiknast ned funksjonar til ulike aktivitetar i dekket, seier Torheim.

Ser til Hjelle

Etter at Stårheim skule fekk sin eigen ballbinge, vart grusbana lite brukt av elevane. Det ønskjer bygdefolket å gjere noko med, ved å bygge Stårheimsparken. Dei har blitt inspirert av det dei har fått til med uteområdet ved Hjelle skule.

– Det viser at dette absolutt er mogleg å få til, seier Asgeir Solheim Reksnes.

Dei skal altså realisere Stårheimsparken heilt utan kommunale tilskot.

Men arbeidsgruppa vil gje all ros til Eid kommune som har bidrege med råd, rettleiing til spelemiddelsøknad, og som vil klargjere området med nødvendige reparasjonar av mur, trapp og gjerde før utbygging. Det er alt teikna bruksavtale for grunnen med kommunen.

Håpar på hausten 2019

Til prosjektet trengst det både pengar og innsats, og allereie har kronene byrja å tikke inn.

Onsdag var nemleg Sparebanken Sogn og Fjordane på plass for å dele ut ein gåvesjekk på 100.000 kroner. I tillegg har SFE løyvd 50. 000 og Fjord1 5.000 kroner.

Arbeidsgruppa har eit mål om å få godkjent spelemiddelsøknad til hausten. Dei meiner at Stårheimsparken i beste fall kan stå ferdig til skulestart hausten 2019.

– Det er snakk om investeringar for fleire millionar kroner. Målet vårt er at Stårheim skule skal få eit uteområde ein kan få bakoversveis av. Kanskje det flottaste på ein bygdeskule på Vestlandet. Det geniale er sjølvsagt at ved å bygge nærmiljøanlegg på skuleområde blir dei mykje brukt, i tillegg vil det bidra til å gjere sentrum av Stårheim mykje meir tiltalande og bygda meir attraktiv, seier Asgeir Solheim Reksnes.

Multifunksjonell ballbinge

Ein multifunksjonell ballbinge er blant planane for Stårheimsparken.

I denne ballbingen, som blir mindre enn den eksisterande ved skulen, er det tenkt tilrettelagt for aktivitetar som tennis, handball, bandy, volleyball, basketball og fotball.

Andre ting på blokka er ei klatreløype som vil bli plassert utanfor det som no er grusbana ved skulen, rett sør for gymsalen.

Rett nedanfor bakken sør for hovudbygget ved skulen er det tenkt å plassere ei lengdegrop. Her ønskjer ein å bygge anlegget slik at det ikkje blir til hinder for aking i bakken om vinteren.

Elles er det tenkt funksjonar som klatrebane, kanonballbane, grillhytte, paviljong, med meir.

– Når det gjeld klatrebane er vi opptekne av å få på plass ein type som gjer at mange barn kan kome seg opp i høgda på same tid, seier Gro Iren Nedreberg, som er rektor ved Stårheim skule.

Ho understrekar at sjølv om planane for Stårheimsparken er klare, kan det kome endringar når det gjeld kva funksjonar som til slutt blir bygd.

Stårheimsparken er tenkt å bli ein samlingsstad for folk i alle aldrar på Stårheim, med stor aktivitet både på dagtid og kveldstid. Foto: Illustrasjon: Uniqa AS
Skisse over korleis Stårheimsparken kan bli sjåande ut frå lufta. Foto: Illustrasjon: Uniqa AS
Nestleiar Andrea Lien Botn og leiar Simon Starheimsvik i elevrådet ved Stårheim skule med sjekken frå Sparebanken Sogn og Fjordane, representert ved Kristin Heggen og Svein Starheim. Foto: Yngve Tolaas