Leiar i laget, Marita Røyset, fortel at dei viser spinning, farging, knipling, brikkevev, sprang, grindvev og reipslaging. Alt gamalt handverk, men ikkje er like godt kjende blant folk.

Marita Røyset trur at gamalt handverk er meir i tida no. Husflidslaget har eige hus på Plassen, og ho opplyser at aktivitetsdagen og er litt for å vise huset og marknadsføre gamle teknikkar. Her er det ein god plass å treffe folk, ettersom det er mange som går her i ulike ærend, og det er ikkje vanskeleg å få folk i tale.

Røyset fortel at Eid Husflids-lag no har 24 vaksne medlemmer og 14 barnemedlemmer. Ho ser gjerne fleire unge i laget, og lovar eit kreativt miljø.

Eldgammal teknikk

Sprang eller bregding er handarbeid etter ein eldgamal teknikk, og Bodil Johnson er ein av dei få som meistrar dette og har mange års erfaring med sprang. Ein set trådane på ei ramme og flettar trådane saman til eit band eller eit stykke stoff. Det kan lagast mange ulike ting med denne teknikken: blondar, gardiner og til og med klesplagg.

GAMAL KNYTETEKNIKK: Sprang er ein eldgamal knyteteknikk som står i fare for å bli gløymd. Den er faktisk «raudlista». Bodil Johnson er ei av dei få som meistrar dette handverket. Foto: Per Ole Lefdalsnes
SPANANDE HANDVERK: Leiaren i Eid Husflidslag, Marita Røyset, er stolt over kva kvinnene i laget får til. På Plassen viser dei spinning, farging, knipling, reipslaging, vev og sprang. Foto: Per Ole Lefdalsnes
SVENSK HANDVERK: Bodil Sønderland viser knipling slik ho har lært det etter bestemora, Olga Leander. Ramma rundt bildet av bestemora er laga av henne. Dei to kniplingsfigurane har Sønderland sjølv laga. Foto: Per Ole Lefdalsnes
OGSÅ KAFFI OG VAFLAR: Else Bjørhovde stod for servering av vaflar, kake og kaffi, og dei husflidsinteresserte let seg ikkje be to gonger. Foto: Per Ole Lefdalsnes