I Ungdata-undersøkinga for Eid vgs. 2017 er det urovekkjande tal som kjem fram, spesielt når det gjeld jentene si psykiske helse.

Av undersøkinga går det fram at 51 % av jentene på Eid vgs. svarar at dei den siste veka har følt at alt er eit slit. På spørsmål om korleis dei har hatt det den siste veka oppgir 33% at dei har hatt søvnproblem, 39 % har kjent seg ulukkeleg, trist eller deprimert, 39 % har kjent håpløyse med tanke på framtida, 42 % har kjent seg stiv og spent og 63 % opplever at dei har bekymra seg for mykje om ting.

35 % oppgir at dei har kjent seg einsame. Desse tala er dei som opplever å ha vore ganske mykje plaga og\eller veldig mykje plaga. Ifølgje undersøkinga er tala langt lågare for gutane.

Er plaga av indre uro

Også når det gjeld konkrete psykiske helseplager er tala høge. 17 % av jentene oppgir at dei den siste veka har blitt plutseleg redde utan grunn. 18 % er stadig redd eller engstelege. 37 % er plaga av indre uro, 29 % har føler at dei ikkje er verd noko. 37 % av jentene opplever press om å sjå bra ut og 50 % opplever press om å gjere det bra på skulen.

Over 20 prosent av elevane svarar at dei ofte gruar seg til å gå på skulen.

Bruker mindre tid på lekser

Det kan sjå ut til at elevane i Eid bruker mindre tid på lekser enn snittet i landet. Ved Eid vgs. oppgir berre 24 % at dei bruker meir enn ein time på lekser per dag, medan dette talet på landsbasis er 38 %.

Elevane i Eid ser imidlertid ut til å delta i organiserte fritidssaktivitetar i litt større grad enn gjennomsnittet i landet, men bruker også litt meir tid framfor skjerm enn snittet på landsbasis.

Jentene mest

Jentene ved Eid vgs. bruker betydeleg meir tid på lekser enn gutane. Heile 15 % av jentene oppgir at dei gjennomsnittleg bruker to timar eller meir på lekser utanom skuletida. Det tilsvarande talet for gutar er 3 %.

Over 60 % av jentene svarar at dei blir stressa og kjenner seg utslitne på grunn av skulearbeidet.

Stressnivået ser ut til å auke vesentleg på Vg3, samanlikna med Vg1 og Vg2.

Har godt forhold til foreldra

Dei aller fleste elevane oppgir å ha eit godt forhold til foreldra sine, men når dei kjenner seg utanfor og trist og treng nokon å snakke med, så er det berre 29 % av jentene som heilt sikkert ville søkt hjelp hos foreldra med eit personleg problem. Tilsvarande tal for gutane er 42%.

Dei fleste elevane trivest på skulen, men over 60 % seier i undersøkinga at dei kjedar seg.

Bruker mindre alkohol og snus

Det ser ut til at bruk av alkohol og snus er eit betydeleg mindre problem ved Eid vgs. enn snittet på landsbasis, medan bruk av cannabis er om lag på høgde med landet elles.

Langt færre i Eid enn landssnittet seier at dei har skulka skulen det siste året.