Det er elevar ved Eid ungdomsskule som har hatt i oppgåve å finne på nye og spennande aktivitetar ute i barnehagen på Stårheim. Sytten elevar ved arbeidslivsfag på skulen har jobba med fornying av barnehagen. Og sidan ungane i barnehagen ønska seg ein bensinstasjon blei det nettopp det.

Måndag var elevane på plass for å montere opp bensinstasjonen. Ei plate på veggen med eit eldre tastatur som er festa på. Her kan barna trykkje seg fram til rett type bensin, og så er det berre å starte tankinga.

– Vi ville ha eit meir spennane uteområde. Og så kontakta eg Eid ungdomsskule, om dei kunne lage noko kreativt til oss, seier styrar Linda Balsnes. Og no er ho godt nøgd med at barna har fått eit mål for sykkelturen sin. Dei som har laga bensinpumpene er Roald Grodås Orheim, Håvard Kristian Leivdal, André Sørensen Høydal, Vetle Bjørkeli, Emil Dale, Balder Viking Vidnes og Jakob Lotsberg.

Nokre av elevane har laga blinkar som også blei hengt opp på måndag. På ein ein blinkane er det festa borrelås, og så skal dei lage piler med tilsvarande lås.