Undersøkinga vart gjennomført våren 2017, og resultata viser at mange ungdommar slit med ein del psykiske plager i kvardagen. 15 % av ungdoms-skuleelevane i Eid oppgir å vere mykje plaga av depressive symptom, og 22 % er mykje plaga av einsemd. Ser ein på skilnaden mellom gutar og jenter, oppgir 24 % av jentene å vere mykje plaga av depressive symptom, medan tilsvarande tal for gutane er berre 7 %.

Depressive symptom vert definert som at ein kjenner på at alt er eit slit, at ein uroar seg for mykje, har søvnproblem, kjenner seg ulukkeleg, trist eller deprimert, kjenner håpløyse med tanke på framtida og eller er kjenner seg stiv og spent.

På spørsmål om ulike plager den siste veka, svarar 30 % av elevane at dei har kjent på at alt er eit slit, og 23 % har hatt søvnproblem.

Slit med fysiske plager

Ein god del ungdommar slit dagleg med fysiske helseplager.

Fleire jenter, 16 %, enn gutar, 11 %, oppgir å dagleg slite med fysiske plager som hovudverk, kvalme, smerter eller hjartebank.

7 % av gutane på EUS bruker reseptfrie medikament kvar veke eller kvar dag, medan 23% av jentene gjer det same.

Gutane er mest fornøgde

90 % av gutane på EUS er nøgde med foreldra sine, medan dette talet er 76 % for jentene. 95 % av gutane har ein fortruleg venn, medan 91 % av jentene har det.

81 % av gutane er nøgde med lokalmiljøet, medan dette gjeld 68 % av jentene. Mest misnøye er det med kollektivtilbodet, og ein del saknar lokale der ein kan treffe andre unge på fritida. Ungdommane er mest nøgde med kulturtilbod og idrettsanlegg.

82 % av gutane er nøgde med skulen dei går på, tilsvarande er 72 % av jentene.

Jentene gjer meir lekser

Jentene bruker meir tid på lekser. 24 % av gutane oppgir å bruke meir enn ein time kvar dag på lekser, medan dette talet er 40 prosent for jentene. Ungdomsskuleelevane i Eid ser ut til å bruke mindre tid på skulearbeid enn snittet i landet. Ved EUS er det 8 % som bruker meir enn to timar i snitt på lekser og anna skulearbeid utanom skuletida kvar dag, medan dette talet er 23 % på landsbasis. I Eid blir 36 % av elevane ofte eller svært ofte stressa av skulearbeidet.

Spel og sosiale medium

Prosentdel som bruker minst to timar på elektronisk spel per dag er 56 % av gutane og 18 % av jentene. Jentene bruker på si side meir tid enn gutane saman med venner heime.

Jentene bruker også meir tid på sosiale medium. Medan 30% av gutane oppgir å bruke minst to timar per dag på sosiale medium, er det 56 % av jentene ved EUS som svarar det same.

84 % av gutane trur at dei kjem til å leve eit godt og lukkeleg liv, medan talet er 71 % for jentene.

Dagens ungdom er opptekne av trening. Blant gutane på EUS er det 76 % som trenar minst ein gong i veka, blant jentene er tilsvarande tal 87 %.

Gutane er mest nøgde med helsa si. 80 % av gutane er nøgde, medan 64 % av jentene er nøgde med helsa si.

Jentene et i større grad frukt og bær enn gutane, men bruker samstundes meir reseptfrie medikament. 65 % av jentene et frukt og bær minst fire gonger i veka, medan tilsvarande tal for gutar er 45 %.

Fleire jenter, 9 %, enn gutar, 3 %, oppgir å ete godteri fire gonger eller meir per veke.

Fleirtalet av ungdommane er nøgde med seg sjølve. 76 % av gutane er nøgde med utsjånaden sin, medan tilsvarande tal for jentene ved EUS er 53 %.

Utifrå svara som ungdomsskuleelvane har gitt i Ungdataundersøkinga i 2017, ser det ikkje ut til at rus er eit stort problem. Røyking er heilt ut på ungdomsskulen. Det er heller ikkje mange som snusar. Det er 9 % av ungdomsskuleelevane som oppgir at dei har vore tydeleg rusa det siste året. Heile 10% oppgir at dei blir mobba.