På helsestasjonen i Eid er det tilsett helsesøster, lege og jordmor. I tillegg samarbeider dei tett med fysioterapeut, skular, barnehagar og andre aktuelle tenester.

Har fått ekstra midlar

Britt Åslaug Tomasgard fortel at dei har fått ekstra midlar i eitt år til 1,8 ekstra stillingar og er i ein tilsettingsprosess. Dei håper at bemanninga med 5,6 stillingar blir vidareført også etter den tid.

– Korta er ikkje lagt, men det å ha ei betre skulehelseteneste vert prioritert, i tillegg til dei minste barna.

Tre timar med open dør

Det er i dag helsesøster tilgjengeleg med open kontordør tre timar ein dag i veka på Eid vidaregåande skule, der det er 352 elevar og tilsvarande tre timar ein dag i veka på Eid ungdomsskule, der det er 227 elevar.

I tillegg deltek helsesøstrene mellom anna i ansvarsgrupper, tverrfaglege møte og oppfølging av elevar og foreldre.

Fleire med psykiske vanskar

Rektor ved Eid vgs., Ove Bjørlo har uttrykt ønskje om å ha ei skulehelseteneste som er tilgjengeleg for elevane fleire dagar i veka. Han kom med innspel til Kommunedelplan for helse og omdorg i Eid, der han mellom anna peika på at talet på unge med psykiske vanskar aukar, og at det er stor etterspurnad etter helsesøster. Skulen ønskjer å kunne bruke helsesøster i større grad i førebyggande arbeid.

Normtal frå 2010 tilseier ei 100%stilling til 800 elevar på vidaregåande, 550 elevar per stilling på ungdomsskulen og 300 elevar på barneskule (1-7. klasse). Dette skulle tilsvare om lag 45 % stilling med helsesøster på Eid vgs. No bruker ein om lag 20 %.

– Er det nok?

– Vi har fullt opp å gjere når vi er der. Vi ser at dess meir ein er tilgjengeleg, dess meir blir ein brukt. Hadde ein vore der meir, ville fleire brukt tilbodet, seier fagleiar på helsestasjonen i Eid, Britt Åslaug Tomasgard.

– Målet er å auke opp ressursen frå hausten av.

Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom er eit tilbod til dei mellom 13 og 20 år som er ope to timar ein gong i veka på helsestasjonen i Eid rådhus. Der er det både lege og helsesøster.

Helsestasjon for ungdom skal ha særleg fokus på å fremje trivsel og meistring, førebygge uønskt svangerskap, førebygge og behaldne seksuelt overførte infeksjonar og å førebygge og avdekke psykiske plager og lidingar.