– Eg tenkjer på alt det vi har lova, og ser at vi ikkje har budsjett til det. 4,7 millionar kroner er forferdeleg mykje pengar, sa Anfinn Sjåstad (Frp). Han stilte spørsmål kvifor kommunen skal kjøpe aksjar utover det ein allereie har gjort.

Stor investeringar

Bakgrunnen for saka er at Sogn og Fjordane Energi (SFE) har vedteke å investere i Østerbø kraftverk. Dette saman med store investeringar særleg i nettanlegg dei siste åra gjer at ein eigenkapitaltilførsel er ein viktig del av arbeidet med å opprettande selskapet sin soliditet og gode vilkår i lånemarknaden.

Rådmannen og formannskapet har tilrådd at kommunen skal nytte resten av teikningsretten i 2018, og nytte høve til å kjøpe aksjar i SFE for 4,7 millionar kroner.

Stor skepsis

I kommunestyret onsdag var det politikarane frå Frp som uttrykte stor skepsis. Dei meiner kommunen har andre oppgåver å bruke pengane på.

Dei bad også om gruppemøte, og då saka skulle avgjerast valde Anne Lise Drage, Svein Hansen og Anfin Sjåstad å stemme imot resten av kommunestyret.

– Vi må bli modigare her i Selje, pusse opp og investere så vi kjem på linje med Eid, sa Anne Lise Drage.

Forundra

– Eg blir forundra over å høyre på argumentasjonen. Ein brukar ikkje disposisjonsfond til å restaurere og byggje, svara Gunn Sande (Sp).

– Eg var ein av tre som stemde imot samanslåing av Selje og Eid, og hadde aldri trudd at eg skulle stå her og seie dette. Men dei investeringane Selje og Eid gjer, vil gagne alle innbyggjarane, påpeikte ho, og meinte kjøp av SFE-aksjar er ei god investering.

Arvesølvet

– Straum er offentleg ansvar. Her er kraft som Selje kommune har vore med å byggje opp. Når vi i Selje kommune har høve til å auke eigardelen vår, så bør vi det. Dette er arvesølvet som vi kan nyttiggjere verdien av, sa Per Egil Hellebust (Ap). Dermed vedtok Selje kommune, mot tre røyster, at kommunen kjøper SFE-aksjar for 4,7 millionar kroner. Kjøpet vert finansiert frå kommunen sitt disposisjonsfond.