To personbilar kolliderte på Rv. 15 i krysset ved Stårheim ferjekai fredag ettermiddag. Vest politidistrikt melde om saka på Twitter klokka 16.30.

Alle naudetatane rykte ut til ulykka. Ingen personar skal vere alvorleg skadde.

I følgje Helse Førde AMK på Twitter var det fire personar involvert i ulykka. To av dei hadde ikkje behov for vidare behandling. To personar er sende til lokalt sjukehus for vidare undersøking.

Vegen er ikkje stengt for trafikk. Klokka 17.30 er det framleis manuell dirigering av trafikken.