Utsegna kjem i samband med spørsmålet om Selje kommune skal ta initiativ til å etablere eit vegselskap som skal ha som formål å etablere ny hovudveg frå fylkesveg 61 frå Åheim til Maurstad.

Nytteverdi

I formannskapet og kommunestyret onsdag var det ein diskusjon om nytteverdien.

Judith Kvåle (tverrpolitisk liste) meinte det var problem med at det er strekninga Åheim-Maurstad det er snakk om.

– Det vi reagerer på er at vi skal ta initiativ til denne strekninga som ikkje er i Selje kommune, påpeikte ho. Kvåle viste ho til at ein ikkje treng å skrive heim om vegstandarden i Selje og den satsinga som har vore gjort i Selje, for den er nesten fråverande. Ho held fast på at fv. 618 er viktigare å få i stand fordi den er tungt belasta og ein farleg veg, medan ein ikkje veit heilt nytteverdien av vegsterkninga ein no vil jobbe for.

Anfinn Sjåstad (Frp) meinte derimot at eit vegselskap er ein god ide.

Vil løfta fram

Ordførar Osdal viser til at Selje kommune slit med dårleg vegsamband til riks- og fylkesvegane i Vågsøy og Vanylven.

– Vi jobbar strategisk med fv. 620 Årsheimstranda og fv. 618 Selje – Almenningsfjellet. Dette arbeidet går sin gang, men kommunen ønskjer å løfte fram den utsette vegstrekninga frå Åheim til Maurstad i Vågsøy kommune. Denne vegstrekninga er fylkesveg og er livsnerven frå ytre Sunnmøre til ytre Nordfjord, seier han.

Det er årsdøgntrafikk (ÅDT) på 750 køyretøy og prognosane tilseie ein auke til 2040 på 12 prosent, opp til 950 køyretøy. På denne strekninga er det mykje vogntog og særleg stykket ned til Åheim vert sett på som eit farleg parti med stor nedstigning og mange svingar.

Inviterer

Kommunestyret går inn for at det vert etablert eit vegselskap som skal jobbe for ein ny parsell frå Åheim til Maurstad. Den mest naturlege løysinga ein tenkjer seg er tunnel gjennom Maurstadeidet.

No vil Selje kommune invitere inn Vanylven og Vågsøy kommune og næringslivet til å vere med i dette selskapet. Selskapet er foreslått organisert som eit AS, ikkje ulikt andre vegselskap i regionen som til dømes Rovdefjordsambandet AS, Gode Vegar AS, Nordfjordbrua AS og Kystvegen Måløy–Florø AS.

– Selje kommune ønskjer å jobbe planmessig med denne vegstrekninga, og gjennom å etablere eit vegselskap har ein ei større sjanse for å få den realisert i framtida, meiner ordførar Osdal.

Etter krav frå politikarane i Selje kjem saka tilbake til kommunestyra for endeleg godkjenning for dei kommunane som vil vere med i dette selskapet.

– Dette for å få belyst kven som er med og ikkje. Eg er i tvil om Vågsøy vil støtte eit vegselskap, sa Gunn Sande (Ap).