Investorgruppa har alle tilknyting til Selje-området, og har no stifta selskapet Selje Hotell Invest AS.

Hotellbrannen i Selje har skapt mange og vonde sår hos mange. Folk er utolmodige, og ser behovet for at det framleis skal vere eit hotell midt i Selje sentrum.

Alle er like opptatt av å få gjenbygd eit hotell. I dag står brannruinane som eit ope sår. Eit trist syn både for innbyggjarane som ser det og blir minna om det kvar dag, og for tilreisande turistar som ikkje har eit hotell dei kan overnatte på.

Vi er glade for at ei investorgruppe no vil satse, og ser verdien av å investere i eit Selje-samfunn som ønskjer utvikling og vekst.

TEK tekst m inngangsord: Selje har behov for investorar, turistar og nye innbyggjarar til liks med alle andre Nordfjord-kommunar.

Selje kommune har mange uutnytta moglegheiter, slik som reiselivet, naturen, Vestkapp, Stad skipstunnel, havrommet og fornybar energi. Her er potensial i fleng.

Det har vore fleire investorar og lukta på planane om å byggje opp eit nytt Selje Hotell. Konkurranse frå hotell i Måløy og på Stadlandet spelte inn i avgjersla om å legge vekk desse hotellplanane i Selje.

No håper vi den nye lokale investorgruppa sine planar blir realisert. Det var stor glede og optimisme hos formannskapet i Selje, då dei onsdag hadde oppe sak om å løyve midlar frå det kommunale næringsfondet. Vi håper at eit nytt Selje Hotell vil gjenreisast raskt – det treng Selje-samfunnet.