Lunden Handelspark AS kjøpte i oktober i fjor området i det tidlegare sandtaket i Lunden. No har dei søkt om løyve til tiltak for kombinert butikklokale og storhandel på eigedomen som er regulert til forretning, kontor, tenesteyting. Det er Nordplan AS som står som ansvarleg søkjar.

Det omsøkte bygget har ei samla grunnflate på 2.736 kvadratmeter. Bygget inneheld to omtrent like store seksjonar. Den eine seksjonen er tiltenkt detaljhandel, altså daglegvarebutikk.

– Eg vil understreke at det er snakk om ein rammesøknad. Korleis den endelege detaljsøknaden blir kan endre seg, seier styremedlem i Lunden Handelspark AS, Bjørn Myklebust.

– Har de konkrete aktørar som står klar til å fylle det planlagde butikklokalet?

– No er vi inne i prosessen der akkurat det blir jobba med. Vi har sjølvsagt aktørar som er interesserte, men på noverande tidspunkt blir det feil å gå ut med namn, seier Myklebust.

Opptatt av utvikling

Det er Kjell Storeide som er styreleiar i Lunden Handelspark AS. Han har ein finger med i spelet i svært mykje av det som skjer av sentrumsutvikling i Eid, som styreleiar i Moengården Vest og Moengården, Sagastad Drift, Lefdal Invest og Nordfjord Turisthotell.

– Kjell har vist kva han står for her i Eid. Han er opptatt av utviklinga av heile staden, seier Bjørn Myklebust, som understrekar at deira primære ønskje er å få på plass aktørar som per i dag ikkje allereie er etablerte på Nordfjordeid.

– Det er vår hovudmålsetting, ja, men eg kan sjølvsagt ikkje love noko. Det er stor konkurranse, og alle spring etter dei same aktørane, seier han.

Del av ein heilskap

Myklebust påpeikar at det no ikkje er meir areal til utbygging ved sjøsida.

– Skal ein få nye etableringar, må dette skje andre stader i sentrum. Lunden Handelspark ønskjer å passe inn i heilskapen i Eid, og vere eit tilskot som bidrar til positiv utvikling av den totale handelsnæringa, seier han.

– Når det gjeld tilkomst til det omsøkte føremålet, er det frå Rv. 15./E39 i samsvar med gjeldande reguleringsplan, seier styremedlem i Lunden Handelspark AS, Bjørn Myklebust.

Det er ikkje meir areal igjen til utbygging ved sjøsida på Nordfjordeid. – Skal ein få nye etableringar, må dette skje andre stader i sentrum, seier Bjørn Myklebust. Foto: Yngve Tolaas