Bergset har lang røynsle frå arbeid i mange år innan barne- og ungdomspsykiatrien (BUP), men har også vore kommunepsykolog. Etter å ha jobba mange år i det offentlege, er tida inne for ein meir sjølvstyrt arbeidsdag, og pasientar i alle aldrar er velkomne til hennar kontor sentralt plassert i Eidsgata på Nordfjordeid i Klinikk 54, som også husar hjartelege, fysioterapeut og tannlege.

Bergset er ein av få kvinnelege psykologar med eigen praksis her i fylket. Ho er allsidig og karakteriserer seg sjølv som ein terapeut som jobbar utifrå tradisjonelle metodar, men med særleg blikk for relasjonar og det emosjonelle.

– Å ha fokus på følelser er kanskje litt forsømt, ting ein reagerer kjenslemessig på kan gje fysiske plager. Av og til må ein jobbe litt som ein detektiv for å finne samanhengar. Det kan ta litt tid å sjå eit mønster og få hjelp til å ta dei grepa som må til, forklarer ho.

Kontoret til Bergset er lokalisert for seg sjølv i tredje etasje. Her er det ingen benk, men to gode lenestolar som ein kan sitje i og i fred og ro snakke ut om det som tyngjer.

Treng ikkje henvisning

Du treng inga henvisning, men kan bestille time direkte, og sidan Bergset ikkje har driftsavtale med det offentlege, er ho fristilt detaljert kartlegging og utgreiing, stilling av diagnosar, byråkrati og standardiserte pakkeforløp. Ho kan i staden saman med pasienten finne fram til korleis ein skal jobbe med utfordringane.

For nye pasientar er det naturleg med ein startpakke der ein har 3–5 terapitimar, for så å evaluere og eventuelt legge eit løp saman for vidare behandling. Om det er behov for det, kan pasienten henvisast vidare til spesialisthelsetenesta eller andre hjelpeinstansar.

Som vitamin

Bergset har jobba mykje med barn og unge. Ein av hennar kjepphestar er at foreldre og andre vaksne må bruke tid og bidra til at barn og unge skal kjenne seg trygge på at dei er gode nok slik som dei er.

Mindre fokus på aktivitetar og det å prestere og meir på å berre vere saman med barna sine.

– Ein positiv tone og positiv stemning er med på å bygge sjølvkjensle. Eit kjedeleg og strukturert liv er gull verd for barna. Eg håper det får ein renessanse. Det er det som skjer kvar dag som er viktig. I staden for å ta eit skippertak med kvalitetstid. Mamma må legge bort mobilen og ta seg tid. Full merksemd frå dei vaksne er som vitamin, poengterer Bergset.

Det kan vere dørgande kjedeleg å bygge Lego, og mange foreldre vil heller gjere noko anna. Arbeidslivet et seg litt inn på privatlivet, og kanskje også vaksne ligg litt under for stress og opplevinga av krav om å prestere. Ein bør ha gått så og så mange fjellturar og vore saman med venner på kafé.

Har tru på rutinar

Bergset har klokketru på rutinar og regelmessigheit. Ho meiner at både barn og vaksne har godt av kjedelege kvardagar. Folk i dag reiser så mykje, har hytter og driv på med så mange aktivitetar. Og dei har dyre, fine sofaer som dei nesten aldri bruker.

– Folk kan godt slite litt meir på dei fine sofaene sine. Sitje litt stille saman med andre. Det er ikkje noko feil med å samlast om fredagstaco og gullrekkja, meiner psykologspesialt Herdis Bergset.

Ikkje slik å forstå at folk skal ligge inne på sofaen heile dagen.

– Gå gjerne ein fjelltur. Å vere ute i naturen er sjelebot, å lytte til rennande vatn senkar hjarterytmen og hjelper deg til å slappe av.

SENTRALT PLASSERT I NORDFJORD: – Å ha fokus på følelser er kanskje litt forsømt, meiner psykolog Herdis Bergset. Ho har kontor i Eidsgata på Nordfjordeid. Foto: Anna Wuttudal