Dette skriv Sandvik som bakgrunn for det grunngjevne spørsmålet: «Nordfjordeid utviklar seg til eit tydeleg handelssentrum i regionen. Etter opprusting for nokre år sidan, der mellom anna Eid kommune bidrog sterkt, framstår Eidsgata som den mest særprega delen av sentrum - med nisjebutikkar og kafear, og potensiale for liv og røre.

Dei siste par åra, og særleg etter at vi fekk store kjøpesenter ved sjøen, ser ein imidlertid at det er mindre folk og mindre aktivitet i Eidsgata.

Det kjem klart fleire handlande til bygda, og det bør vere eit mål å få fleire av desse opp i gata. Det bør også vere eit mål å fylle tomme lokale, særleg dei som vender mot gata.

Frå neste sommar kjem det i tillegg eit betydeleg antal cruise-turistar til Nordfjordeid. Det er viktig at vi raskt rustar oss for å ta imot desse.

Mine konkrete spørsmål er følgjande:

– Er det aktuelt for kommunen å rullere eksisterande reguleringsplan, slik at ein sikrar næring/butikkdrift på gateplan i Eidsgata?

– Korleis kan kommunen bidra til auka fokus på lokal handel?

– Korleis kan ein tenke vidare enn berre tradisjonell butikkdrift for å få auka aktivitet i Eidsgata? Kan ein hente inspirasjon frå andre tettstader?

– Eksisterer det ein overordna plan for korleis ein kan få mest mogleg næring ut av cruise-turismen?

Det må vere eit overordna mål at flest mogleg lokale næringsdrivande kan ta del i denne handelen. Kan kommunen i samarbeid med til dømes Nordfjordeid Senter utarbeide ein slik «masterplan», og også vurdere behovet for eit eige «arrangementselskap» knytta opp mot cruise-turistane?