Kontrollen gjekk frå klokka 21.00 tysdag kveld til klokka 03.00 natt til onsdag og var av tunge køyretøy, med vekt på køyre- og kviletid.

Eit vogntog var for langt og måtte korte ned til lovleg lengde i henhold til dispensasjonen.

I tillegg fekk to førarar fekk bruksforbod for sikthindrande ting i frontrute.

Det var til saman 24 køyretøy inne på kontrollplassen, der 14 av desse vart kontrollerte.