Selskapet har inngått avtale om å overta festeretten til hotelltomta i Selje sentrum med tanke på å gjere eit forsøk på å få gjenreist eit framtidsretta og drivverdig hotell på tomta.

Bak investorgruppa står Nordfjord AS ved Olav Refvik, ORV HOLDING AS ved Otto Vik, Norhus Ørsta AS ved Einar Holsvik, Selje Bolig Utvikling AS ved Jostein Løken, Bjarne Krakereid Invest AS ved Bjarne Krakereid og Stadhav AS ved Anders Lien.

Potensial

– Investorane ser eit potensial i at det blir bygga eit framtidsretta hotell i Selje, både for samfunnsutviklinga, men også for ytre Nordfjord som reiselivsdestinasjon. Det skjer mykje spennande i distriktet framover, som igjen spelar inn på utviklingspotensialet for hotellet, seier Therese Lien Smenes, dagleg leiar for Selje Hotell Invest AS.

– Første steg i riktig retning er dermed tatt, eit viktig steg for å få nødvendig framdrift for den vidare prosessen, fastslår ho.

Investorgruppa ber om forståing for at dei ønskjer mest mogleg arbeidsro rundt denne store og spennande oppgåva i tida framover. Dei har samtidig stor respekt og forståing for at hotellet naturleg nok engasjerer lokalsamfunnet.

Dagleg leiar Smenes seier det ikkje vil bli gitt ytterlegare kommentarar til media på noverande tidspunkt.

– Vi kjem ut med meir informasjon når vi har kome nokre steg vidare i prosessen, seies Smenes.

Søkjer om midlar

Selje Hotell Invest AS har søkt om midlar frå det kommunale næringsfondet. Denne saka kjem opp i formannskapet i Selje i dag onsdag.

Rådmann Kristine Dahl tilrår at investorgruppa vert tildelt 77.500 kroner til utvikling av nytt hotellprosjekt i Selje sentrum. Rådmann meiner at søknaden er av ein slik karakter at den bør imøtekomast.

Dette prosjektet har vore drive fram «pro bono» av initiativtakarane og søkjar. Sidan mars 2017 har det vore lagt ned nærmare 1.800 ubetalte arbeidstimar for å halde naudsynt framdrift på prosjektet.

Selje Hotell Invest AS har engasjert PWC i forprosjektfasen, som skal utarbeide ein for forretningsutvikling i oppstartfase