– Kommunale tomter er tilsvarande viktig for Hjelle krins. Slike har vore mangelvare lenge. Difor har fleire potensielle innbyggjarar valt å etablere seg andre stader. Dette er uheldig, og vi som politikarar har ansvar for både å skape bulyst, og å leggje til rette for dei som allereie har bulyst. I budsjettet for 2018 ligg det inne midlar til oppstart av kommunalt bustadfelt i krinsen, seier Furnes.

Han viser til at bustadområda i Mogrenda og på Fossebakken er dels tilknytte dyrka og udyrka landbruksjord av god kvalitet.

– Dette skaper sjølvsagt ein klassisk konflikt mellom vekst og vern, og ein må prøve å finne løysingar som er så tenlege og smidige som råd for landbruket i området. I så måte har det kome framlegg om makebyte av to område. Dersom eit slikt makebyte skulle bli gjennomført, vil det vere aktuelt å etablere eit bustadfelt der nokre tomter er kommunale, og nokre private. Korleis står denne saka i dag, og kva vert gjort for at vi skal nå målsetjinga om etablering av bustadfelt i løpet av 2018? spør han.

– Det er kjent at vi for tida har ein overarbeidd administrasjon som må handtere mange krevjande saker. Dette har eg forståing for. Samstundes har mange klåre forventningar om at vi får fortgang i saka om kommunale tomter i Hjelle krins. Dei som ønskjer å etablere seg i området, bør få oversikt over tilgjengelege kommunale tomter i løpet av 2018, og Eid kommune bør tydeleg invitere – til Hjelle, seier Steinar Furnes.