Korpsnett Norge arrangerer NM i marsjering for skulekorps i samarbeid med Sommarlandfestivalen i Bø i Telemark og Hans Majestet Kongens Garde lørdag 23. juni.

Som einaste korps frå Vestlandet reiser Hjelle skulemusikk frå Eid til Bø for å delta på NM. Der skal dei konkurrere mot fem andre skulekorps i kategorien gatemarsj.

  – Hjelle skulemusikk er eit av skulekorpsa i Norge som satsar på formasjonsmarsj eller korpsdrill. Då er det ekstra hyggjeleg at dei får vist fram det dei kan for dommarar fra mellom anna Hans Majestet Kongens Garde, som er dei fremste i landet på dette feltet, seier prosjektleiar for NM, Jan Erik Helleren.

Det er første gong Hans Majestet Kongens Garde er med som samarbeidspartnar for NM. Gardemusikken deltar med velvillig instruktørbistand for korps som ønskjer litt ekstra hjelp framfor NM. Og dei deltek med dommarar, oppvisning og fanfarer i samband med sjølve NM-gjennomføringa.

Følgjande korps deltek i NM 2018:

Gatemarsj

•             Huseby skoles musikkorps - juniorkorpset                                      - Oslo

•            Hjelle skulemusikk                                                                    - Sogn og Fjordane

•             Nøtterøy skolekorps                                                                     - Vestfold

•             Bø skulemusikk                                                                            - Telemark

•             Stabekk skoles musikkorps -Smågardistene - hovedkorpset            - Akershus

•             Huseby skoles musikkorps - hovedkorpset                                     - Oslo

Formasjonsmarsj

•             Huseby skoles musikkorps - hovedkorpset                                       - Oslo

•             Stabekk skoles musikkorps - Smågardistene - hovedkorpset             - Akershus

•             Åsen skolekorps                                                                             - Trøndelag

•             Stabekk skoles musikkorps - Smågardistene - juniorkorpset             - Akershus

Korpsnett Norge er en uavhengig medlemsorganisasjon for korps og andre ensembler.

NM i marsjering er ope for deltakerkorps uavhengig av organisasjonstilknytning. Det er tredje gong Korpsnett Norge arrangerer NM, og interessen for arrangementet er i ferd med å ta seg kraftig opp.