–Vi ynskjer å skape treffpunkt for veteranar i alle aldrar frå heile fylket, seier leiar i NVIO-styret for Sogn og Fjordane, Magnar Skorven i ei pressemelding. Han trekkjer òg fram at det er behov for å auke samfunnet sin kunnskap om veteranar, og meiner at ein synleg veteranorganisasjon i fylket vil vere ein god bidragsytar til det.

Over 500 her i fylket

100.000 norske kvinner og menn har tenestegjort i internasjonale operasjonar i over 40 land, i fire verdsdelar, i nesten hundre ulike operasjonar. Det finst 100.000 individuelle veteranhistorier rundt om i det langstrakte landet vårt, i overkant av 500 av dei her i Sogn og Fjordane.

Kameratstøtte

Styret har i tillegg to dedikerte medlemmar med ekstra ansvar for kamaratstøtte, som veteranar i fylket kan ta kontakt med for ein prat. Dette er Trond Bjørkedal Øvregård, busett på Nordfjordeid og Frode Kornelisussen, som bur i Florø. Overgangen til ein kvardag i fredelege Norge kan vere stor, og det å vere forsvarsveteran kan sette sine spor.

Unike erfaringar

– Som veteran er ein rett og slett eit menneske med ulike og unike røynsle. Ein person som med uniforma på og flagget på skuldra valde å reise ut som soldat på vegner av Forsvaret. Av og til kan det vere fint å møte andre som har liknande erfaringar for ein prat, seier nestleiar Kristin Rundsveen, som bur i Sogndal.

Årlege markeringar

Rundsveen peikar på at eit anna viktig fokus for styret er å bidra til at det blir arrangert årlege markeringar rundt om i fylket på frigjerings- og veterandagen 8. mai. Styret har ei Facebook-side som informasjonskanal, der informasjon om arrangement vil bli offentleggjort.

Inviterer til pizzatreff

Dette er ein god dag

Feira 8.mai

Deltok i markering

NORDFJORD: Trond Bjørkedal Øvregård er hovudansvarleg for aktiviteten som skjer i Nordfjord, og saman med Frode Kornelisussen har han eit ekstra ansvar for kameratstøtte. Foto: Anna Wuttudal