Barndomskameratane Steinar Engeland og Geir Kroken frå Eid, og Eirik Føleide frå Måløy, går saman om Byrr AS.

– Namnet er norrønt, og betyr god bør, medbør, og vi er midt i vikingland, så vi synest det passar fint, seier Kroken.

– Visjonen vår er at vi skal vere med å skape god bør for kundane våre, seier dei.

Dei synest det er viktig å vere plassert midt i Eidsgata, fordi dei ønskjer å skape aktivitet saman med dei andre i gata og på eiga hand. No er det hektisk dagar for å gjere om lokala der lampebutikken var tidlegare, så dei kan flytte inn så fort som mogleg.

Vidareføring

Byrr er lokalisert på Nordfjordeid og i Måløy, og er ei vidareføring av selskapa Steinart og The Brand Studio. Føleide vil vere halvparten av tida si på kontoret i Måløy.

– Vi ser på heile regionen som vårt marknadsområde, seier karane, som vil hjelpe bedrifter til å byggje merkevare.

– Vi kan gå inn i bedrifter og assistere med den kompetansen vi har. Nytt fokus er produkt og produktutvikling, fortel Geir, Steinar og Eirik. Dei ønskjer å gi eksisterande og nye kundar eit breiare og meir samansett tenestetilbod.

Barndomsvennar

Engeland og Kroken er barndomskameratar, og det var naturleg at dei snakka saman om ide og tankar. Det har no blitt til Byrr.

Engeland og Føleide har på si side kjent og jobba saman i fleire år. Den felles satsinga har kome til etter at dei alle såg styrken i den kompletterande kompetansen.

– Vi blir eit sterkt team, seier dei, som lovar å skreddarsy kva kundane treng for eksempel i form av nettsider og brosjyrar.

– Vi er med kundane frå ide til ferdig produkt, og heilt ut i sluttmarknaden når det trengst, fortel dei. Dei lovar å integrere design, kommunikasjon, teknologi og produksjon

– Vi ønskjer at arbeidet vårt skal gjenkjennast som god norsk design, der innovasjon og nytenking alltid står i fokus, seier dei.

Reiseliv

Gründerane meiner det er ein marknad for Byrr i Nordfjord.

– Vi ser mange opplagde moglegheiter her, og spesielt ser vi uutnytta potensiale i midtre og ytre Nordfjord. Her er heilt klart eit stort potensial, og mellom anna reiselivet er nøydde til å ta tak i mange bedrifter og profesjonalisere korleis dei står fram, seier dei. Gründerane påpeikar dei vert eit Nordfjordbyrå.

– Og så har vi eit stort nettverk, seier Kroken.