Det har vore mykje att og fram om kommunal overtaking av Heggjabygda vassverk, men no ligg det føre ein avtale som formannskapet i Eid samrøystes har gått inn for. I avtalen ligg det at abonnentane ved vassverket må betale eit anleggsbidrag på 15.000 kroner, i tillegg til vanleg tilknytingsgebyr. Avtalen inneber at lån som Heggjabygda vassverk har i dag vert overteke snarast råd.

Avtalen inneber at kommunen overtek ansvar for vassforsyning med leveranse fram til påkopling av private stikkleidningar, på same vilkår som andre kommunale abonnentar. Kommunen overtek tekniske anlegg, lausøyre og tinglyste/avtalte rettigheiter til tilhøyrande vassverket.

Avtalen inneber også at kommunen skal gjennomføre nødvendige investeringar i leidningsnettet/- vassbehandling for å gje vassverket sine abonnentar framtidsretta tilfredsstillande vassforsyning. For å hindre at dette medfører ein auke av årsgebyra for kommunen sine andre abonnentar, skal kvar abonnent ved vassverket betale eit anleggsbidrag.

Det vert opplyst at låneopptak vert på om lag åtte millionar kroner utifrå kalkylar gjort av Asplan Viak i 2014, og eksisterande lån som Heggjabygda vassverk har i dag er på om lag 500.000 kroner Avtalen skal godkjennast av Eid kommunestyre og av årsmøtet i vassverket før den er gyldig.