Venstregruppa tar om temaet i kommunestyret torsdag, der dei etterspør kva verkemiddel ein rår over for å motverke bygingsforfall i Eidsgata.

Venstre viser til at Eid kommune har utarbeidd ein Kommunedelplan for kulturarv 2017–2029. Her står det m.a. i kapittel 2.3.4: «Ein stor del av Nordfjordeid sentrum ligg inne i Riksantikvaren sitt NB-register, som er ein database som gjev eit oversyn over område som det knyter seg nasjonale kulturminne- og kulturmiljøinteresser til i norske byar og tettstader med bystruktur».

Vidare står det i planen at: «Eidsgata og historia knytt til aktiviteten der er eit viktig kulturminne for Eid kommune, både materielt og immaterielt»

Manglande vedlikehald

– Eidsgata utgjer ein sentral del av området som Riksantikvaren viser til. Det historiske bygningsmiljøet i Eidsgata er difor også regulert til verneområde i gjeldande reguleringsplan. Minst tre-fire bygningar i privat eige langs nordre halvdel av gata ber i dag tydeleg preg av manglande vedlikehald. Dette har fleire uheldige sider; det er til generell sjenanse for alle som oppheld seg i gata. Det er negativt for naboar som tek vare på husa sine og som enten bur der eller driv næring der. Bygningane blir etter kvart ubebuelege og for kvart år med framhaldande forfall blir det meir ressurskrevjande for eigarane å renovere husa, påpeikar Venstre.

Dei viser også til at Eidsgata er sentral og ein viktig ressurs og eit aktivum for Nordfjordeid sentrum som eit kompakt regionalt handelsområde.

– Difor meiner vi at Eid kommune også må ha eit særskilt fokus på og ansvar for at dette området utviklar seg positivt så vel estetisk som funksjonelt, meiner Nøstdal.