Formannskapet i Eid gjekk torsdag inn for at kommunen skal byggje ut Gjerdane barnehage med to nye avdelingar med ei kostnadsramme på 19,9 millionar kroner eks mva.

I forslaget er det lagt til grunn at det er 14 nye småbarnsplassar i ei småbarnsavdeling og 22 storbarnsplassar i ei storbarnsavdeling, eventuelt blanda etter behov. Utbygginga omfattar også garderobar og arbeidsplassar for alle tilsette i barnehagen, og det er også lagt inn møterom. Det er også lagt inn nytt kjøkken med birom, samt at det vert etablert heis.

Gledeleg og deprimerande

– Dette er ei delvis gledeleg og delvis deprimerande sak. Det er gledeleg utifrå auke i folketal og behov for barnehageplassar, ein må sjølvsagt legge til rette, men det er deprimerande at kvar gong vi møtast, bruker vi millionar. Det er ikkje berekraftig. Og det kjem stadig nye behov.

– 20 millionar kroner er mykje pengar. Pengar som vi definitivt ikkje har.

– Problemet er at vi ikkje har råd. Vi snur ikkje nok steinar, sa Tore Hjelle (H) då saka om barnehageutbygginga stod på sakslista i formannskapet. Han var kritisk til at kommunen heile tida vel dei mest optimale løysingane, men stemde likevel sjølv saman med dei andre for det dyraste alternativet.

Vil ha vekst og utvikling

– Den økonomiske sida er veldig vanskeleg, men spørsmålet er om vi har råd til å la vere, påpeika Arild K. Nøstdal (V).

– Vi skal vere i vekst og utvikle oss. Vi slit med å ha nok plassar og noko må vi gjere, poengterte Ståle Sandal (Sp).

– Dette er først og fremst eit luksusproblem, vi blir fleire folk og fleire barn. Ei nødvendig investering som vi vil tene på på sikt, sa Siri Sandvik (Ap).

– Det er positivt at ein må byggje ut. Eg har ein følelse av at det er mange som seier at dei ønskjer seg heim igjen, kommenterte Sissel Ommedal (KrF)

– Mangel på barnehageplassar er ikkje ein haldbar situasjon for ein sentrumskommune. Det er viktig å gjere dette grepet. Gjerdane tilfredsstiller ikkje krava, der må det uansett gjerast noko. Det viktigaste vi kan gjere er å få småbarnsforeldre til å flytte til Eid. Den store utfordringa for Eid kommune er å få kontroll på drifta, påpeika ordførar Alfred Bjørlo (V).

Er overoppfylt

Det framstod som litt uklart kor stort det reelle behovet for fleire barnehageplassar i Eid er. Kommunalsjef Harald Sivertsen opplyste at det har vore overoppfylt både i Golvsengane og i Gjerdane dei siste åra. I dag er det venteliste på 2–3. Over nyttår er det barn som ikkje har fått plass. Kjem det ein flyktningfamilie, kan behovet raskt auke vesentleg.

Av saksutgreiinga går det fram at etablering av nye barnehageplassar særleg vil kome desse gruppene til gode: Familiar med barn som flyttar til Eid, flyktningfamiliar og familiar som treng barnehageplass midt i året. Etter hovudopptaket til barnehageåret 2018/19 har Eid kommune etter lova full barnehagedekning, og det er få ledige plassar. Etter januar 2019 er det per i dag fullt. Det vert opplyst at det er særleg behov for nye småbarnsplassar.

Eid kommune har i dag 235 kommunale barnehageplassar fordelt på Gjerdane (45), Golvsengane (136), Haugen (18) og Stårheim (36).

I tillegg er her fleire private barnehagar i Eid. Læringsverkstedet Eid barnehage har 76 plassar. I Kjølsdalen Montessoribarnehage er det 38 plassar, Snøkrystallen småbarnehage har 12 plassar og dei to familiebarnehagane, Nøtteliten og Fossebakken har fire plassar kvar.