Formannskapet gjekk torsdag inn for at Stårheim bilverksted AS v/Peter Piel får kjøpe eit kommunalt areal for å utvikle sentrum. Det er ønskje om å nytte arealet til servicerelatert aktivitet og ein sjøfront med betre tilgang for båtar og sjøreisande, samt andre som vil ha tilgang til sjøkanten.

Vurderinga frå administrasjonen er at Eid kommune ikkje har nytte av det arealet som er tenkt selt, men at arealet vil ha stor nytte for framtidig eigar som vil utvikle og fylle i sjøen i samsvar med reguleringsplan.

Stårheim sentrum er i dag eit område som vil få nytte av planar om utfylling i sjøen og båtplassar/tilgang for båtar langs brygge. Administrasjonen ser det som positivt for Stårheim at initiativtakar vel å satse lokalt, og tilrår at avtale om sal av kommunalt areal med sjølinje vert gjennomført.

Kjøpar skal betale ei grunnerstatning basert på oppmålt areal på 200 kroner pr. m². Kjøpar skal også dekkje alle kostnader med frådeling, kartforretning, tinglysing og dokumentavgift som salet medfører.