Den er open kvar dag på dagtid, utanom søndag, og her møter du to rutinerte turistvertar, Arve Espe og Victoria Rasmussen.

– Turistane spør gjerne om kva fjelltoppar som er i nærleiken, og kva ein kan oppleve og gjere her på Eid. Og då fortel vi gjerne om golf, laksefiske, vandring, vikingskip og kyrkja, fortel Victoria. Om det kjem grupper som ønskjer historisk sentrumsvandring så tar Arve seg av det.

– Til turistinformasjonen kjem det mykje tyskarar, franskmenn, svenskar og hollendarar. Og så får vi tilbakemelding om at turistane saknar eit tilbod for utleige av syklar, båtar og kanoar på fjorden, opplyser dei.

– Det er kjekt å få fortelje det eg kan om Eid og få bruke engelsken, synest Victoria.