Namn: Martin Anders Nygård

Bur no: Flatraket

Budde før: Colorado(2 år), Ålesund(3 år) og Stavanger(2 år)

Fødd: 25. mars 1989 på sjukehuset Nordfjordeid

Utdanning: Sivilingeniør – kybernetikk, automasjon og signalbehandling

Stilling: Systemutviklar og teknisk driftssjef i Paneda DAB AS

Sivilstatus: Sambuar med Mari Greidung

Barn: Nora – 15 månader og ventar barn i slutten av august

Bil: Toyota Auris og Toyota Corolla

Kjæledyr: Nei

− Kvifor har du valt å flytte tilbake til Flatraket?

− Eg ynskte å flytte tilbake til Flatraket fordi eg og sambuaren min var klare til å stifte familie og få barn. Foreldra mine bur der, og dei kan hjelpe til med barnepass. I tillegg er Flatraket ein fin plass for barn å vekse opp.

− Kva var mest avgjerande for flyttinga?

− Trivsel og familie.

− Kva sakna du mest då du budde borte?

− Solnedgangen i havet, båtlivet og bygdeoriginalar.

− Er det noko du brenn for på heimplassen?

− Samhaldet i bygda.

− Korleis er livet ditt om ti år?

− Gift og lukkeleg familiefar.

− Kva skulle du bli då du var 12/14 år?

− Det var eigentleg skodespelar i Hollywood.

− Kva er du mest fornøgd med i livet ditt no?

− Situasjonen eg er i – lukkeleg småbarnsfar med herleg sambuar og fin familie rundt meg.

− Kva er det verste du veit?

− Utanlandske bubilar på feil side av vegen.

− Kva er den største forskjellen på bylivet og livet på Flatraket?

− Du har ikkje alt tilgjengeleg rett utanfor døra. I staden har vi flott urørt natur med muligheit for fjellturar, jakt og fiske.

− Kva har opptatt deg mest i det siste?

− Utvilsamt husbygging som både eg og far min har brukt mykje tid og energi på, for å få ein fin heim til familien min.

− Kva er fordelar og ulemper med Stad kommune?

− Fordelen er at det blir spart pengar på administrative stillingar i kommunen. Den største ulempa er at det kan kvele barneskulen på Flatraket.

− Kan du tenkje deg å engasjere deg i kommunepolitikken?

− Det er viktig å engasjere seg. Dersom ein ynskjer forandringar må ein vere med å bestemme.

− Kva synest du om jobbtilbodet i distriktet?

− Det er ganske bra. Her er mange bedrifter som er villige til å satse, og det synest eg er veldig positivt. For min del har eg ei brei utdanning, så eg har litt å velje mellom. Mest interessant i høve til utdanninga mi er velferdsteknologi og robotprogrammering, men det er det ikkje så mykje av her.

− Saknar du noko i Nordfjord?

− Burger King klokka 23.00 ein laurdagskveld. Gjerne muligheita til å gå ut ytterdøra og trakke i gata for å sjå på livet og møte nye menneske.

− Føler du at du har fått realisert deg sjølv?

− Både ja og nei. Ønske om eigne barn har gjort at eg har sett både reiselyst og eventuell vidareutdanning på vent.

− Råd til utflytta nordfjordingar?

− Kos dokke borte, kom heim til slutt, start familie og hald liv i bygdene.

− Kva synest du om «nye» Nordfjordeid?

− Det er utruleg bra kva Nordfjordeid har fått til. Satsing på nye tomter, nye butikkar og kjøpesenter, skaper moglegheiter for unge som ynskjer å komme heim. Vi reiser ofte til Nordfjordeid for å handle sidan der er så godt utval av butikkar.

− Kva er favorittserien?

− Friends.

− Kva nyhendemedium brukar du?

− VG, NRK, BT, DN, TU og FJT.

− Råd til kommunepolitikarane?

− Stå på og ikkje la folk bak tastaturet på sosiale medium knekke deg eller hindre deg i å jobbe for det du brenn for.

− Kvar går årets ferietur?

− Det vert truleg ein tur til Sverige.

− Kva har du på nattbordet?

− Mobilen.

Heim til Mathisgarden

Huskjøp og oppussing

Lengtar heim