–Etter vedtekter og retningslinjer frå Sogn og Fjordane Ap legg nominasjonsnemnda i Stad Ap fram sitt første listeframlegg til kommunevalet hausten 2019. Frist for merknader er 7. september 2018. Det er og høve til å komme med nye namn på listekandidatar. Innan 28. september kjem nominasjonsnemnda med det endelege listeframlegget som skal behandlast på eit medlemsmøte i Stad AP innan 1.desember, skriv leiar i nominasjonsnemnda, Hans Petter Gilleshammer, i ein epost til Fjordabladet.

Flest over 50 år

Av dei 29 personane som står på den førebels vallista, er 17, 58,6 prosent, 50 år eller eldre. Ti av personane er aldersgruppa 50 til 60 år, medan sju er mellom 60 og 73 år. Sju av listekandidatane er mellom 40 og 50 år. Tre er mellom 30 og 40 år, og to er i aldersgruppa 20 til 30 år. Blant dei fire kumulerte er det to menn og to kvinner. Siri Sandvik er Stad Ap sin ordførarkandidat. 20 på lista er frå Eid, medan ni har bustad i Selje kommune.

Nominasjonsnemnda består av: Hans-Petter Gilleshammer, leiar, Randi Aanonsen, Ådne Reidar Nes Kleppe, Vivian Nygård Sætren, Åge Lundebrekke og Jan Vidar Smenes.

Stad Ap 1. liste til kommunevalet 2019:

1 og 2: Siri Sandvik (50), Eid.

3 og 4: Jan Vidar Smenes (46), Selje.

5 og 6: Judith Kvåle (49) Selje.

7 og 8: Hans-Petter Gilleshammer (54), Eid.

9. Ådne Nes Kleppe (20), Eid AUF.

10. Tone Flem Ulvestad (50), Eid.

11. Atle Riksfjord (38), Selje.

12. Anne Tove Thorsnes (57), Eid.

13. Torild Natvik (49), Eid.

14. Nils Helge Løkling (68), Eid.

15. Therese Lien Smenes (41), Selje.

16. Martha Kjøllesdal (50), Eid.

17. Harald M Kvame Hansen (49), Selje.

18. Eli Bente Lote Henden (55), Eid.

19. Berner Midthjell (66), Eid.

20. Eli Eide Årevik (61), Selje.

21. Arve Espe (65), Eid.

22. Inga Olin Nesbø (23), Eid AUF.

23. Liv Stokkenes Jacobsen (70), Eid.

24. Kristina Kostopoulos (39), Eid.

25. Åge Lundebrekke (58), Selje.

26. Siri Karlsen (53), Eid.

27. Bjørn Berge (63), Selje.

28. Tonje Sperrevik (34),Selje.

29. Are Fagerli (50), Eid.

30. Randi Hatlem (58), Eid.

31. Sveinung Pile (40), Eid.

32. Randi Nyhammer Taklo (40), Eid.

33. Kjell Haugland (76), Eid.