Teknisk- og samfunnsutval (TSU) var inviterte på synfaring og starta onsdagens møte i naturskjønne omgjevnader på Harpefossen. Bakgrunnen var at Nordplan AS på vegner av Kari-Ann Haugland Horne har søkt om dispensasjon og rammeløyve for to fritidsbustader i Hjelmelandsdalen, og det var dette politikarane skulle ta i augesyn. Området ligg i LNF-område og i omsynssone for friluftsliv, og oppføring av fritidsbustader er ikkje tillate utan dispensasjon frå kommuneplanens arealdel.

Det er planlagt to like fritidsbustader med eit samla bebygd areal på 103 m2 og eit samla bruksareal på 78 m2. Omsøkt område ligg mellom Tippasetra og Nakken i Eid kommune. Bygga er tenk plassert 10-15 meter frå eksisterande fellesveg og med om lag 20 meter mellom bygga.

Normal storleik

Nestleiar i TSU, Ove Kjøllesdal (H) såg det som kurant å gje dispensasjon. Han peika på at dei som eig teigen har vegrett og det er hytter i normal storleik.

Elin Paulsen (V) var oppteken av om det å gje løyve til desse to fritidsbustadene vil legge føringar når det gjeld andre søknader.

– Kva med liknande søknader lengre inne i dalen, spurde ho.

– Her er ikkje spesielle tiltak som er verneverdige, påpeika Nikolai Åshamar (Sp).

– Det ville vore annleis på oppsida og lenger innover. Dette er eit område der det skjer mykje, men hyttene vil ikkje vere til hinder for aktiviteten i området, sa Grete Dahl Sandven (V).

Per Tore Borgund (Frp) la vekt på at dei to omsøkte fritidsbustadene inneber eit beskjedent inngrep i LNF-området, og han frykta ikkje presedens.

– Her er fordelane større enn ulempene.

– Kvar søknad må vurderast individuelt, poengterte han, og kom med forslag om at rådmannens «avslag» vart bytta ut med «innvilga». Dette vart samrøystes vedteke av Teknisk- og samfunnsutval.

Klart i arealeplanen

Rådmannen har i si vurdering mellom anna lagt vekt på at i arbeidet med arealplanen vart området spelt inn som område der grunneigarane ville ha mogelegheit til etablering av hyttetomter. Kommunen gjekk imdlertid inn for at hyttebygging i hovudsak skulle konsentrerast til området kring Harpefossen med enkelte soner med høve for spreidd utbygging. Etter rådmannen si vurdering har kommunen gjennom arealplanen teke eit klart standpunkt til at det ikkje skal opnast for nye fritidsbustader i dette området.

Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen har i sin uttale lagt vekt på at tomtearealet er lokalisert i eit område der mellom anna omsynet til kulturlandskapet skal prioriterast. Dette er moment som bør vektleggjast i vurderinga av om det skal gjevast dispensasjon eller ikkje. Dei aktuelle tomtene ligg elles i nærleiken av område der det i kommuneplanen er lagt til rette for fritidsbusetnad i regulerte felt og som spreidd hyttebygging, noko som talar for å styre nye hytter dit.

Det går fram av søknaden at det er nær familie til grunneigaren som skal disponere dei to hyttetomtene. Landbruksavdelinga minner om at det først og fremst er tilhøve knytt til areal- og ressursdisponering som er relevante i dispensasjonsvurderinga, og at personlege og private tilhøve normalt ikkje skal vektleggjast. Dei bad kommunen gjere ei grundig vurdering av om dispensasjonsvilkåra er oppfylte, at fordelane med å gje dispensasjon må vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering.