Det sa Ove Bjørlo (Ap) Helse- og sosialutvalet handsama økonomirapporten per 30. april på sitt møte onsdag.

Under budsjetthandsaminga i desember 2017 vedtok kommunestyret at helse- og omsorg skulle gjere innsparing på 2,8 millionar kroner meir enn det som var tilrådd frå rådmann. I økonomirapporten som Helse- og sosialutvalet handsama onsdag, gjorde kommunesjef Kari Krogh det klart at administrasjonen ikkje hadde funne tiltak som kan hente inn denne innsparinga.

– Ut frå dei endringane som samla er lagt inn i økonomirapporten er det rom for å ta tilbake 1,2 millionar kroner av innsparingskravet, utan å måtte ty til bruk av disposisjonsfondet, sa kommunesjefen som også peikte på at lønsjusteringane hadde innverknad.

Nærmar seg millionen

På grunn av langtidssjukmeldingar er det per 30. april brukt 570.000 kroner til vikarteneste innanfor vernepleie, utan at det er budsjettert med dette. Ifølgje kommunesjefen måtte ein rekne med at dette vil fortsetje ei tid til framover året.

– Det er samla sett ikkje innsparing i løn som kan dekkje dette. I tillegg må det setjast i verk tiltak til avlastning innanfor vernepleie frå juni 2018. Førebels er det rekna at dette vil medføre ei lønsutgift på kring kr 350.000 ut året.

–Då vi vedtok budsjettet for 2018, var vi klar over at det ville bli utfordrande å finne innsparingar i den storleik som det kommunestyret vedtok. Eg er uroa over at sektoren kanskje ikkje vil greie å komme ned på dei vedtekne økonomiske rammene, sa Ove Bjørlo som understreka at ein del av grunnlaget for innsparingskravet var utbygging av nye bueiningar på Myroldhaug.

– I og med at Myroldhaug er forseinka vil det vere vanskeleg å få til innsparingar før bygget er ferdig. Det er no viktig at ein held oppe «trykket» på framdrifta i dette byggjeprosjekta.

– I samband med budsjett prosessen vart det peikt på innsparingar ved å redusere talet på nattevakter. Er det gjort noko på dette området?, spurde Åse Liv Lote (Sp).

– På grunn av klagesak frå fylkesmannen må tenestene behaldast slik dei er og då er det ikkje moglegheit til å redusere på dette området, sa kommunesjefen.

Sjukefråværet

– Det høge i sjukefråværet i vernepleiesektoren er urovekkande. Kva gjer ein for å få det ned?, spurde Berner Midthjell (Ap).

Kommunesjef Kari Krogh presiserte at ein grunn til at sjukefråværet var så høgt, hadde samanheng med langtidssjukefråvær. Vidare at ein jobbar systematisk for å få sjukefråværet ned innanfor område der sjukefråværet er høgt.

– Slik situasjonen er i dag er det viktig at ein i heile organisasjonen er medvitne på at belastinga på tilsette ikkje blir for stor. Nettopp det kan i neste omgang føre belastningar som gjer at sjukefråværet aukar ytterlegare, sa Ove Bjørlo som i tillegg til utfordringane med høgt sjukefråvær også var uroa over problema med å rekruttere fagpersonell til vernepleietensta.

– Eg fryktar at det ville bli ein strevsam haust før vi vil vere i mål, sa han.

97 avvik

Totalt er det fram til 30. april, første tertial, registrert 97 avvik i helse- og omsorgssektoren. 11 i heimetenesta, 19 på Hogatunet, 13 i Fossevegen og vernepleie med 54 avvik. På spørsmål frå politikarane i Helse- og sosialutvalet kunne kommunesjef Kari Krogh opplyse at avvika på Hogatunet handla om medikamentelle avvik. Når det galt avvik i vernepleie opplyste kommunesjefen at det ikkje var laga nokon oversikt av type avvik, og alvorsgrad i tertialrapportane. Dette ville politikarane ha endring på, og bad om det i tertialrapportane vart rapportert type avvik, og alvorsgrad.

Ikkje mogleg: Vi greier ikkje å finne tiltak som kan oppfylle innsparingskravet, sa Kari Krogh Foto: Tormod Flatebø