Det sa utvalsleiar for Helse- og sosialutvalet, Lars-Svein Drabløs (Frp) då utvalet handsama planutkastet.

–Eg er glad for at det i høyringsperioden har kome så mange innspel til planen. Det betyr at folk bryr seg. Men ein plan har liten verdi dersom den ikkje vert følgt opp gjennom ein handlingsplan og økonomiplan. For meg er dette spesielt viktig fordi det viser kva vi som politikarar ønskjer å prioritere både i inneverande år, og i åra som kjem. Difor ønskjer eg at det i tillegg til planen at det vert utarbeidd ein analyse til neste møte i utvalet, som viser behovet for institusjonsplassar, og kva tiltak og framdrift kommunen skal ha for å kunne dekkje behovet for institusjonsplassar dei næraste åra, sa utvalsleiaren.

Viktige prioriteringar

Under handsaminga kom det fram at Helse- og sosialutvalet ønskjer ein kortversjon av delplanen som vert lagt fram i neste møte i utvalet.

Det vart også understreka frå so og seie alle dei politiske partia som er representert i utvalet at det er særleg viktig å prioritere psykisk helse i skulen, grunnskule og vidaregåande skule.