Denne veka startar arbeidet med nye tomter i bustadfeltet i Kjølsdalen opp. Oppdraget blei i mai tildelt Jimmy Nore & Son, og allereie no er entreprenør klar for å setje i gang førebuing og anleggsarbeid.

Prosjektet omfattar 10 tomter, bygging av omlag 140 meter veg, tilhøyrande VA-anlegg  og leikeplass. Tomtene skal etter planen vere byggjeklare 1. januar 2019. Finpuss og opparbeiding av leikeplass vil pågå fram til mai/våren 2019.

Det er ikkje fastsett ein endeleg dato for når tomtesalet går i gang, men truleg vil tomtekjøparar kunne melde si interesse allereie tidleg i haust.

– Kjølsdalen er inne i ein svært positiv trend, med auka tilflytting av unge barnefamiliar, så det er gledeleg og svært bra at vi no kan tilby attraktive tomter til dei som ønskjer å busette seg her, seier Alfred Bjørlo.