Tysdag var kunnskaps- og integreringsministeren på besøk på Nordfjordeid. Eitt av stoppa var på Eid Idrettspark, der han vart informert om arbeidet Eid IL gjer med å integrere flyktningar av styreleiar i fotballgruppa, Jannicke Hagen Henden. Han deltok også i ein fotballkamp, saman med Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

– I Eid er ein generelt gode på kvardagsintegrering, ikkje minst innan idretten. I dag er eg her for å sjå korleis ein jobbar med idrett og jenter i fotballgruppa, og det er verkeleg imponerande, seier Jan Tore Sanner.

Integreringsmelding

Til hausten skal regjeringa si integreringsmelding vere klar. I samband med dette arbeidet har Jan Tore Sanner besøkt mange kommunar.

– Sidan påske har eg besøkt 15-20 kommunar. Den siste blir Kristiansand på fredag. Dei kommunane som er plukka ut er dei som på ulike felt lykkast med integreringsarbeidet. Årsaka til dette er at mi oppgåve er å lage ein ny integreringsstrategi for Norge. Då er det viktige å finne nøkkelen til det som fungerer, og ikkje berre fokusere på problem, seier Sanner.

Fleire stopp

Kunnskaps- og integreringsministeren sitt besøk tysdag var i Gloppen og Eid. I Gloppen var føremålet å lære meir om Gloppenmodellen, der NAV, kommune og fylkeskommune gir minoritetsspråklege arbeidssøkande utdanning.

I Eid var det besøk i ein innføringsklasse ved Eid vidaregåande skule, for å sjå korleis ein jobbar med å integrere elevar, på idrettsparken, i Gjerande barnehage og på LA-bygget for å lære om synergiar av samlokalisering av aktivitetar og verksemder.

Frivilligheit

Sanner er klar på kva som var hovudårsaka til at Eid var plukka ut til å få besøk.

– Det er først og fremst på grunn av det gode integreringsarbeidet som blir gjort av frivillige, i tillegg til å sjå korleis ein jobbar i barnehagen, seier Sanner, som viser til besøket i Gjerande barnehage, der fleirtalet av barn av innvandrarar i Eid går.

– Undersøkingar viser at dei som har gått i barnehage gjer det betre i skulen, blir tryggare, får fleire venner og lærer språket betre. Det var interessant å høyre kor bevisste ein er i integreringsarbeidet i denne barnehagen, seier han.

– Viktig for oss å bli sett

Styreleiar Jannicke Hagen Henden i Eid IL fotballgruppa er glad for at arbeidet deira blir lagt merke til.

– Vi jobbar bevisst med integrering, og har eit spesielt fokus på å få med jenter. Derfor er vi sjølvsagt glade for at vi blir sett og lagt merke til. Det er ekstra stas å få besøk av kunnskaps- og integreringsministeren på grunn av arbeidet vi gjer på dette området, seier Hagen Henden.

– Det er positivt for alle at våre nye landsmenn blir integrert på best muleg måte. Vi bidrar til å få inn unge menneske i samfunnet. Det er eit viktig bidrag for sosial læring og språkutvikling, seier Hagen Henden.

Ho understrekar at fotballgruppa har mål om å nå endå fleire.

– Alle er velkomne i fotballen i Eid. Vi driv med verdas største idrett. Mange, også jenter, av dei som kjem til Norge har erfaring med fotball. Derfor har vi eit ekstra ansvar for å legge til rette for at absolutt alle kan bli med, seier Hagen Henden, som understrekar at det å få barn inn i aktivitetar ikkje berre er viktig for barnet, men for heile familien.

Samlande i Gjerdane barnehage

Jan Tore Sanner fekk høyre korleis ein driv integreringsarbeid i Gjerdane barnehage.

Det er i denne barnehagen eit fleirtal av innvandrarbarn går i Eid kommune. Styrar Tove Starheimsvik fortalde at ein ikkje er opptekne av kva som er ulikt, men kva som er felles og samlande.

– At vi er ulike lagar vi ikkje så mykje styr av. Vi er meir opptekne av det som vi har felles. Det viktigaste er at alle barna skal ha ein vanleg kvardag, sa Starheimsvik.

Tove Starheimsvik understreka at språkopplæring er det viktigaste for å lykkast med integrering og fellesskapskjensle. Ho kunne også fortelje at ein i Eid er i gang med å lage ein felles plan for barnehagane. Her er hovudmålet at alle barn skal ha ei felles plattform når dei byrjar i skulen.

– Vi held på å utarbeide ein plan med felles tenking mellom barnehagane. Målet er at alle skal ha ein felles bakgrunn når dei byrjar på skulen. Til dømes kan dette vere at alle har lært mange av dei same songane, sa Tove Hanebrekke.

Etter kampen stilte Sanner, Bjørlo og jentene opp til lagbilde. Foto: Yngve Tolaas
Her under besøket i Gjerdane barnehage. Foto: Yngve Tolaas
Delegasjonane frå Eid kommune og Kunnskapsdepartementet på Eid Idrettspark tysdag. Foto: Yngve Tolaas