Utmerkinga gjeld dei ti Dressmann-butikkane i regionen, og butikken på Eid har dermed slått både Ålesund, Molde, Førde, Sogndal og Ørsta.

– Eg er stolt. Vi har ligge og kniva på andre- og tredjeplass over lang tid. Endeleg var det vår tur, og det i ein maimånad som er stor for Dressmann i heile landet, seier butikksjef June Kvernen Kleppe. I mai låg også Dressmann Nordfjordeid på sjetteplass av alle dei 160 Dressmann-butikkane i landet.

– Vi har kundar frå konfirmasjonsalder til oldefar, så det er stort sprik i kundane. Dei kjem frå Stryn, Ørsta/Volda, ytre Nordfjord og også Førde, fortel ho, som rosar dei tilsette i butikken sin.

Var sakna

– Vi har fokus på kundeservice og dei tilsette er flinke, og vi får stadig tilbakemelding på at dette var ein butikk ein sakna i Nordfjord, seier ho.

Butikksjefen kan vise til ein auke på 21,1 prosent og nesten 320.000 kroner i forhold til same tid i fjor.

– Dressmann ser at Nordfjordeid var ein bra stad å etablere seg. Vi får mange spørsmål i butikken om det går bra, og det gjer det, smiler ho.