Det var eit samla utval som støttar rådmannen sitt forslag om at Gjerdane barnehage skal byggjast ut med to nye avdelingar. Dette er kostnadsrekna til 20 millionar kroner.

Kommunesjef Harald Sivertsen påpeikte overfor politikarane at det er eit svare strev å finne barnehageplassar til alle som ønskjer det, og at det endar med at ein «pressar» dei inn for å imøtekome søkarane.

Stabilitet for barna

– Vi har difor landa på at det beste er å byggje ut to nye avdelingar på Gjerdane. Barnehagebuss var veldig in for nokre år sidan, men no er det småbarnsplassar det er behov for, sa Sivertsen. Han viste også til signal frå styrarar om at barn i dag er nok på farten, både med tanke på aktivitetar dei er med på, og i samband med skilsmisser.

– Ein ønskjer difor mest mogleg stabilitet for ungane, samtidig som ein vil ha attraktive barnehageplassar å tilby, fortel kommunesjefen.

Strekkjer strikken

– Det første tilflyttarar etterspør er om ein har barnehageplassar og om det er god skule. Har ein det er det suksess. Men denne barnehageutbygginga er ikkje klar før i 2020, og eg er bekymra for tida fram til det. Eg har bussertifikat og kunne ha tenkt meg å køyre ungane rundt i ein buss, sa Hans Petter Gilleshammer (Ap), som utfordra kommunesjefen om midlertidige barnehageplassar.

– Vi må strekkje strikken sånn vi har gjort til no, slik at vi set ut fleire barnehageplassar i Golvsengane og Gjerdane etter behov, svara Sivertsen.

– Det er mang byggeprosjekt rundt omkring, så det er dumt å utvide med berre ei avdeling når ein først byggjer, konstaterte Lars Helge Lillebø Hopland (KrF).

Også Ann-Magritt Hopland Eikås (Sp) støtta forslaget om å utvide med to avdelingar.

– Men kva om ein i mellomtida utvidar til ei friluftsavdeling i ein av barnehagane? Det ser ein at ein har andre stadar, undra ho.

– Vi aukar opp etter behov, og vi har vore velvillige til alle som har søkt om plassar, svara Sivertsen.

I desse dagar vert det bora i grunnen ved Gjerdane, og grunnforholda skal vere avklara i løpet av sommaren.

– Om ein ikkje kan utvide ved Gjerdane, må ein sjå på Golv-sengane, men kva om ein ikkje kan bygje ut der heller, spekulerte utvalsleiaren.